Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet berekraft og medieproduksjon

Her kan du sjekke kva du kan om emna berekraft og medieproduksjon.
Montasje med fleire menneske og ulike symbol som har med klima og miljø å gjere, til dømes eit stort grønt fotavtrykk, ei sparelyspære, ulike konteinerar til å sortere søppel i, fleire plantar, ein elbil kopla til ein ladestasjon, solcellepanel. Ein mann sit på bakken og strekkjer ut ei hand til ein mann som held ei korg med frukt. Ein mann og ei kvinne ber ei søppelbøtte i lag. Ei kvinne og ein mann plukkar opp tomme brusboksar frå ei søppelbøtte. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå gjennom punkta og få oversikt over kva du kan om emnet:

  • Eg har innsikt i ulike måtar mediebransjen kan leggje til rette for berekraftig produksjon og forbruk.

  • Eg har innsikt i korleis eg kan gjennomføre medieproduksjonar der miljø og berekraft står sentralt.

  • Eg kan forklare og diskutere omgrep som handlar om berekraft og medieproduksjon.

  • Eg kan gjere greie for prosessen bak miljøsertifisering av ei verksemd.

  • Eg veit kva som er formålet med grønvaskingsplakaten.


Fagomgrep

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2021

Læringsressursar

Berekraft og medieproduksjon