Rollespel i konflikthandtering
Jobb saman to og to. Den eine har rolla som kunde, den andre som tilsett.
Vel mellom oppgåve A eller B. I begge oppgåvene er det viktig at alle tek det dei skal gjere seriøst.
- Skriv først dialogen mellom medarbeidaren og kunden. Læraren kan gjerne komme med innspel/kommentarar på dette og eventuelt òg setje karakter.
- Framfør deretter dialogen som rollespel for lærar og klassen.
A) Klesbutikk – ein kunde med kjærleikssorg
Kunden har akkurat gjort det slutt med kjærasten og har kjærleikssorg. Butikkmedarbeidaren i klesbutikken er i ferd med å stenge butikken, og klokka er 18. Butikkmedarbeidaren møter kunden og seier: "Vi har dessverre stengt." Kunden blir raskt irritert og tek ein ufyseleg og usakleg tone.
Kunden skal prøve å overtale butikkmedarbeidaren til å sleppe hen inn i butikken. Butikkmedarbeidaren skal kjenne korleis det er å bli kjefta på, og skal på same tid prøve ut prinsippa for konflikthandtering.
B) Leikebutikk – ein rusa kunde
Butikkmedarbeidaren jobbar i ein leikebutikk på eit kjøpesenter. Ein kunde er rusa og på veg inn i butikken. Butikkmedarbeidaren ønsker ikkje denne kunden inn i butikken. Oppgåva til butikkmedarbeidaren er å hindre kunden i å komme inn i butikken, på same tid som hen prøver ut prinsippa for konflikthandtering.