Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Moglege konfliktar

Konfliktar kan vere ein stor trussel mot tryggleiken til ein medarbeidar. Dersom du har kunnskap om korleis du skal handtere konfliktar, og er mentalt førebudd, har du betre føresetnader for å løyse opp i dei. Denne oppgåva er ein del av førebuingane dine.
To kvinner på et kontor i konflikt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • plakatar
  • saks og limstift
  • PC og skrivar

Mål

  • lage ein plakat som viser moglege og reelle konfliktsituasjonar som kan oppstå / har oppstått i ulike yrke

Oppgåve

  • Jobb i par.
  • Vel ut to punkt frå lista nedanfor, diskuter moglege konfliktsituasjonar, og skriv dei ned på plakaten.
    • resepsjonsmedarbeidar på dagtid
    • resepsjonsmedarbeidar på nattevakt
    • medarbeidar i ein daglegvarebutikk
    • lønnsmedarbeidar
    • langtransportsjåfør
    • vektar
    • reiselivsmedarbeidar i eit reisebyrå
    • reiselivsmedarbeidar som guide i Tyrkia
  • Søk på Internett og sjå om de finn episodar frå verkelegheita i dei yrka de vel. Skriv ut artiklane, klipp dei til og lim dei på plakaten.
  • Når alle er ferdige med plakatane sine, heng de dei opp på veggen.
  • Diskuter i klassen korleis de ville handtert dei ulike situasjonane som kan oppstå.
  • Kva for fellesnemnarar kan de finne for konflikthandtering som de kan ta med dykk vidare?
CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Konflikthandtering