Sommarfesten
Scenario
De sit i arrangementskomiteen for årets store fest, sommarfesten for alle dei tilsette i bedrifta. Det er mange behov som skal dekkjast, og de har fått ein sum pengar de er ansvarlege for.
Når de møtest første gong, ønskjer Per at arrangementet blir gjennomført i kantina, for då blir det meir pengar å bruke på mat og drikke. Kari ønskjer å leige eit lokale som også kan levere mat, og Elsa vil leige ein båt og ha festen om bord. Kai vil leige eit band, men Sara meiner det er bortkasta pengar så lenge ho har ei god speleliste på Spotify.
Oppgåve
- Bli einige om plass, mat og underhaldning for sommarfesten.
- Rollespel i grupper på 4–5 elevar.
- De vel først roller. Bruk gjerne fantasien, men nokre døme kan vere unnasluntraren, den sjefete, den detaljorienterte, kverulanten og den som er einig i alt for å unngå konfliktar.
- Vel ordstyrar og referent for komiteen.
- Gjennomfør eit første møte i komiteen, der alle speler sine tildelte roller.
- I gruppa bruker de deretter kommunikasjonsmodellen frå artikkelen "Teknikkar og hjelpemiddel ved konfliktar" for å forklare kvifor kommunikasjonen svikta i komiteen.
- Hald fram rollespelet, og sørg for å auke konfliktnivået.
- I gruppa bruker de deretter konflikttrappa for å forklare korleis konflikten eskalerte. Vis til det de har lært om faresignal.
- Rollespelet held fram: Komiteen kallar inn til eitt nytt møte for å diskutere kommunikasjonsforma – det kallar vi ein metasamtale.
Dette møtet skal ikkje handle om sommarfesten, men om konfliktløysing. Ein av dykk blir vald til å vere meklar. Hugs at rolla til meklaren først og fremst er å sørgje for at partane får prate etter tur, ikkje å løyse konflikten. - Bruk deretter femtrinnsmodellen for å forklare korleis de går fram for å løyse konflikten.
Alternativ 1 – skriftleg
Møta skal beskrivast i eigne møtereferat. Forklar hendingsgangen og ta med kva teknikkar og hjelpemiddel som blir nytta.
Alternativ 2 – praktisk
I videomøte mistar ein gjerne noko av den non-verbale kommunikasjonen, og det kan oppstå andre typar misforståingar og konfliktar. Oppgåva kan løysast ved å spele inn møta som eit rollespel. Møteopptaket vil då fungere som eit referat. Kommenter undervegs kva som skjer, til dømes i møtechatten.
Relatert innhald
For å kunne unngå å gå oppover konflikttrappa skal vi sjå på nokre teknikkar og hjelpemiddel for å handtere konfliktar.
Her skal vi se på en konkret metode med fem trinn som du kan bruke dersom du skal takle en situasjon der det er risiko for konflikt.