Hopp til innhald

Fagstoff

Transportørhandbok

Her finn du eit døme på ei handbok som er meint som eit praktisk hjelpemiddel når du skal behandle og transportere farleg gods.
Lastebil som fraktar farleg gods. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transportørhandboka

Handboka er meint som eit praktisk hjelpemiddel ved behandling og transport av farleg gods. Ho inneheld eit utdrag av ADR-reglane og av forskrift om transport med ferje (riksvegferjene).

Enkelte reglar i denne handboka er av praktiske grunnar strengare enn det ADR-reglane tilseier. Fullstendige føresegner om transport av farleg gods på veg, bane og innanriksferje finst i ADR/RID, som er det internasjonale regelverket for transport av farleg gods på veg og jernbane, og i forskrift om transport på skip av spesielle eller farlige laster i bulk eller som pakket gods.

Filer

Relatert innhald

Heldigvis er ulykker med farleg gods nokså sjeldne. Du må vere medviten om ansvaret du har, for skjer det først noko, kan konsekvensane bli store.

CC BY-NCSkrive av Mette Broen, Einar Lønsdal og Postnord AS. Rettshavar: Postnord AS
Sist fagleg oppdatert 03.02.2022

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods