Kva må til for å transportere farleg gods?
Føresegner i ADR stiller krav til opplæring og godkjenning av dei som skal arbeide med transport.
Sjåførar som skal transportere farleg gods, må gjennomgå ei særskild opplæring hos ein godkjend kursarrangør. Sjåførar som skal transportere farleg gods i tank, eksplosivt materiale eller radioaktivt materiale, må i tillegg gjennomføre eit spesialiseringskurs.
Etter at du har bestått prøva, blir ADR-kompetansebeviset utferda. Føresegner om opplæring, prøve og kompetansebevis kjem fram av forskrift 1. april 2009 om landstransport av farlig gods § 11, og under dette av ADR kapittel 8.2.
Det finst to former for opplæring: førstegongsopplæring og opplæring for å friske opp kompetansen.
Ved førstegongsopplæringa skal grunnkurset og spesialiseringskurset bestå av til saman minimum 46 timar dersom kursa blir haldne som separate einingar. Tid for praktisk øving tel ikkje med.
Grunnkurset skal då bestå av minimum 18 timar undervisning, spesialiseringskurs klasse 1 skal bestå av minimum 8 timar undervisning, spesialiseringskurs klasse 7 skal bestå av minimum 8 timar undervisning, og spesialiseringskurs med tank skal bestå av minimum 12 timar undervisning.
Ved grunnkurset og spesialiseringskurs med tank skal ein leggje til det naudsynte timetalet, i tillegg til det oppsette minimumskravet, for å gjennomføre undervisning i brannvern, førstehjelp og framferd ved uhell.
Kurset for å friske opp og fornye kompetansen skal gå over minst to dagar. Dette kurset skal innehalde det naudsynte timetalet for å gjennomføre undervisning i brannvern, førstehjelp og framferd ved uhell.
For å få ADR-kompetansebevis og då ha lov til å transportere farleg gods må du melde seg opp til prøva etter eit fastsett mønster. Prøva tek du etter at du har gjennomført grunnkurset og spesialiseringskurset, og ho blir halden av Statens vegvesen.