ADR-kompetansebevis
Etter forskrift av 1. april 2009 nr. 384 om landtransport av farlig gods § 11 skal føraren av køyretøy som transporterer farleg gods, ha ADR-kompetansebevis når det er krav om det (kapittel 8.2). ADR-kompetansebeviset blir skrive ut i følgjande klasser:
- Grunnkurs, klassane 2–6.2, 8 og 9
- Tilleggskurs klasse 1: eksplosive stoff og gjenstandar
- Tilleggskurs klasse 7: radioaktivt materiale
- Tilleggskurs tank
Grunnkurs
Grunnkurset gir det grunnleggjande ADR-kompetansebeviset for transport av farleg gods over «mengder i henhold til 1.1.3.6». Kurset er obligatorisk for alle som skal ha ADR-kompetansebevis for første gong. Beviset er gyldig i fem år.
ADR-kompetansebevis for klasse 1, klasse 7 og tank må takast som eit tillegg til det grunnleggjande ADR-kompetansebeviset.
Tillegga for klasse 1, klasse 7 og tank kan gjennomførast som sjølvstendige eller kombinerte kurs. Prøven kan takast separat for kvar klasse eller som kombinert prøve.
Klasse 1: eksplosive stoff og gjenstandar
Ved transport av varer i klasse 1, eksplosive stoff og gjenstandar, må du ha eit utvida ADR-kompetansebevis som byggjer på ADR-kompetansebeviset for grunnkurset.
For klasse 1 gjeld:
- Køyretøyet må merkjast med faresetlar (gjeld også klasse 7).
- Køyretøyet må godkjennast ved stykkgodstransport (godkjenningsattest).
- Varene kan ikkje samlastast med anna farleg gods (med få unntak).
Klasse 7: radioaktivt materiale
Ved transport av varer i klasse 7, radioaktivt materiale, må du ha eit utvida ADR-kompetansebevis som byggjer på ADR-kompetansebeviset for grunnkurset. Ved transport av unntakskolli (UN-2908–2911) og i enkelte andre tilfelle (sjå S12 i kapittel 8.5) blir det ikkje kravd eige kompetansebevis for klasse 7.
ADR tank
Utvida ADR-kompetansebevis for tank blir kravd dersom du køyrer
- faste tankar eller laustankar over 1 m3
- batterikøyretøy med samla volum over 1 m3
- tankkonteinarar med individuelt volum over 3 m3
- multimodale tankar eller MEGC-ar med individuelt volum over 3 m3
Skal du ta ADR-kompetansebevis for tank i tillegg til det grunnleggjande, er det spesielt viktig at du ser nærare på somme av kapitla i ADR-boka, blant anna
- kapittel 6.7, som tek for seg multimodale tankar
- kapittel 6.8, som tek for seg tankar, laustankar, batterikøyretøy, tankkonteinarar og MEGC-ar
- kapittel 6.9, som tek for seg tankar av armert plast
- del 9, som tek for seg reglar for konstruksjon og typegodkjenning av køyretøy, til dømes godkjenningsattest (9.1.1)
- 5.3.2.3 i del 5, som tek for seg farenummer
- 5.3.3 i del 5, som viser merking av stoff med høg temperatur
I tillegg er tabell 3.2A i del 3 svært viktig:
- Sjå kolonnane (1), (5) og (20) for merking av tank- og bulkkøyretøy.
- Sjå kolonne (14) for kva typegodkjenning køyretøyet skal ha.
- Sjå kolonnane (12) og (13) om vara kan fraktast i tank eller fiberarmert tank.