Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis merker vi farleg gods?

Når du skal transportere farleg gods i større mengder, må lastebilen vere merkt med faresetel og farenummer. Det finst eit internasjonalt system for å klassifisere kjemikaliar og for å merkje dei.
Baksida av ein ESSO-tankbil. Bilen er merkt med faresetlar og farenummer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er merking viktig?

Dersom du køyrer ein lastebil som inneheld ei viss mengd farleg gods, må bilen merkjast. Merkinga skal sørgje for at både andre trafikantar og brann- og redningspersonell veit korleis dei skal opptre dersom det oppstår ei ulykke.

Korleis ser merkinga ut?

Det finst eit internasjonalt system for å klassifisere, merkje og emballere kjemikaliar. Merkinga skal formidle kva for ein fysisk fare eit kjemisk stoff kan utgjere, og kva for verknader stoffet kan ha på helse og miljø.

Kollasj som viser døme på faremerking på lastebilar. Farenummera i døma er 30 og 33, og UN-nummera er 1203, 1274, 1219 og 1223.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oransje skilt

Eit oransje skilt på eit køyretøy eller ei jernbanevogn viser at det blir transportert farleg gods. Ved transport på tank- og batterikøyretøy og ved transport i bulk blir det brukt oransje skilt med tal (farenummer og UN-nummer).

Farenummer

Det øvste talet på det oransje skiltet er farenummeret. Oversikta nedanfor viser kva for ein type fare ein kjemikalie representerer:

Tal

Type fare

Tal

Type fare

0

ingen fare

6

giftig

2

gass

7

radioaktiv

3

brannfarleg væske eller gass

8

etsande

4

brannfarleg fast stoff

9

risiko for kraftig reaksjon

5

oksiderande

X

farleg reaksjon med vatn

Dersom farenummeret består av fleire siffer, står det første sifferet for primærfaren, mens det andre og eventuelt tredje sifferet representerer sekundærfarar. To like siffer etter kvarandre står for ein særleg sterk fare. Dersom det siste sifferet er null, betyr det "ingen sekundærfare".

Døme
  • 20 kvelande gass eller gass, utan tilleggsrisiko

  • 22 nedkjølt flytande gass, kvelande

  • 23 brennbar gass

  • 268 giftig gass, etsande

  • 30 brannfarleg væske

  • 33 svært brannfarleg væske

  • 80 etsande eller svakt etsande stoff

UN-nummer

Det nedste talet på det oransje skiltet er UN-nummeret. Det fortel kva for eit farleg stoff eller kva for ein farleg stofftype som blir transportert.

Døme
  • 1274 propanol (propylalkohol)

  • 1219 isopropanol

  • 1223 parafin

  • 1830 svovelsyre

  • 1202 diesel

  • 1203 bensin

Faresymbol (faresetlar)

Faresymbola er piktogram, det vil seie forenkla bilete som skal vere forståelege for alle, lette å oppfatte og lette å hugse.

Faresymbol for kjemikaliar som er giftige for vassmiljøet. Piktogrammet viser ein daud fisk. Illustrasjon.

Til dømes viser faresymbolet for kjemikaliar som er giftige for vassmiljøet, ein død fisk. At fisken er død, skjønner vi av at fisken ligg med buken opp.

I Noreg skal elles alle kjemiske produkt som inneheld farlege kjemikaliar over ei viss mengd, ha faremerking på norsk. Farlege kjemikaliar skal òg merkast med spesielle åtvaringssetningar i tillegg til faresymbola.

Brosjyren "Merking av køyretøy ved transport av farleg gods" frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap samanfattar informasjon om merking og skildrar kort kva du som sjåfør må gjere dersom det skjer ei ulykke under transport av farleg gods. Skriv gjerne ut brosjyren og ha han lett tilgjengeleg.

Filer

CC BY-NCSkrive av Mette Broen. Rettshavar: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Sist fagleg oppdatert 15.12.2021

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods