Hopp til innhald

Fagstoff

Sikkerheitsrådgivar

ADR-boka stiller i kapittel 1.3 krav om at alt personell som arbeider med farleg gods, skal ha ADR-opplæring tilpassa sitt område. Denne opplæringa skal dokumenterast, men det er ikkje krav om ADR-kompetansebevis.
Foto av ein mann som fyller flytande gods på tankbil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikkerheitsrådgivar

All verksemd som klassifiserer, pakkar, fyller, lastar, sender, får til transport, transporterer eller på annan måte kjem i kontakt med transport av farleg gods, skal sørgje for at det blir peikt ut minst éin sikkerheitsrådgivar. Sjå særleg 1.8.3 i del 1 og § 10 i norsk forskrift.

Ei liste over godkjende kursarrangørar for sikkerheitsrådgivarar kan du få ved å vende deg til Stiftelsen Norsk brannvernforening, som òg er eksamensadministrator. Kursa varer normalt i ei til to veker. Eksamen blir avlagd ulike stader i landet.

Heile ADR-boka er pensum for sikkerheitsrådgivarar. Dei skal òg ha inngåande kjennskap til forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta).

Norsk brannvernforening: Oversikt over sikkerhetsrådgivere

CC BY-SASkrive av Bernhard Hauge og Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods