Oppgåve
Eit heilskapleg reiselivsprodukt?
Finst det eit heilskapleg reiselivsprodukt der du bur?
- Bruk modellen over som mal, og lag ei oversikt over det heilskaplege reiselivsproduktet der du bur. Beskriv, og illustrer gjerne med bilete.
- Tilbyr heimstaden din eit heilskapleg reiselivsprodukt?
- Fyll på med idear om korleis heimstaden din kan jobbe med berekraftig reisemålsutvikling framover.
- Gå gjennom modellane dykkar i fellesskap, og bruk ideane til kvarandre til å lage ein ny modell som viser det heilskaplege reiselivsproduktet slik det kan bli.
- Vurder om de vil sende modellen til det lokale destinasjonsselskapet dykkar.
Lykke til!