Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ei magisk oppleving!

Kva er ei magisk oppleving for deg?
Ein ung mann og ei ung dame køyrer hundespann i snøen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Du ønskjer å overraske bestevenen din med ei "magisk" oppleving de skal gjere saman.

Del 1

  • Bruk fantasien din eller søk på nettet etter magiske opplevingar i Noreg.
  • Noter på ein lapp fem ulike opplevingar i Noreg som kan vere ei "magisk" oppleving for deg og vennen din.
  • Av desse fem opplevingane skal du velje éin, og du skal grunngi kvifor dette vil vere ei magisk oppleving for dykk. Er det til dømes noko de har drøymt om å gjere?

Del 2

  • Lag ein skriftleg invitasjon til vennen din, med bilete og tekst. Invitasjonen må innehalde:

    • ei skildring av opplevinga du ønskjer å ta med venen din på, og kvifor du meiner dette blir ei magisk oppleving for dykk
    • turforslag, inkludert transport, servering og overnatting
Tips til magiske opplevingar i Noreg

På nettstaden reiseogfritid.no kan du finne forslag til ulike magiske opplevingar i Noreg.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2021

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet