Hopp til innhald

Fagstoff

Servering

Mat og drikke må vi ha! Servering er derfor ein viktig del av ferieopplevinga, og lokale mattradisjonar har i større grad hamna i fokus. Det finst mange ulike serveringsstader, alt frå dyre gourmetrestaurantar til vegkroer og gatekjøkken. Kva føretrekkjer du?
Skilt langs vegen mot Tuftelia vertshus og Jons kro, vest for Geilo. Grønkledde fjell med snøflekkar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utval av serveringsstader

Utvalet av serveringsstader varierer frå stad til stad, og frå by til distrikt. Serveringsstader på små stader og ute i distrikta er ofte avhengige av høgsesongane og turistane som kjem då.

I byar og på større stader driv serveringsstadene heilårsdrift, sidan dei har ein meir stabil etterspurnad frå lokalbefolkninga. Her blir omsetning frå turistar i høgsesongen berre ein ekstra bonus.

Trendar i serveringsnæringa – vektlegging av berekraft

Kva er dei nye satsingsområda innanfor serveringsnæringa i dag? Berekraftsperspektivet har vorte viktigare. Dette har ført til eit større søkjelys på kortreist og økologisk mat, i tillegg til tiltak for å førebyggje svinn.

Restaurantar som attraksjonar

Serveringsbransjen vil gjerne levere meir enn sjølve maten, og mange serveringsstader blir ein del av attraksjonstilbodet på staden.

Restauranten Under i Lindesnes er eit døme på ein restaurant som har vorte eit attraksjonstilbod. Restauranten er den første undervassrestauranten i Europa, og den største i verda. Under serverer mat frå havet, og det er lange ventelister for å få bord. Maten er lokal og kortreist.

Kort samandrag av videoen om restauranten Under

I filmen ser vi glimt frå restauranten Under i Lindesnes. Bygningen ligg delvis under sjøoverflata. Ein undervassfotograf tek med seg kameraet sitt for å filme livet under vatn. Utanfor det store restaurantvinduet, som er 5,5 meter under sjøoverflata, ser vi blant anna maneter, fiskar og krabbar.

Mathallar

Ein annan trend er mathallar, som gjerne er å finne i store byar. Her kan du kjøpe ulik mat og drikke i ulike matbuer, og ete på langbord saman med andre. Vippa er ein av fleire mathallar i Oslo.

Vippa er òg eit godt døme på korleis serveringsbransjen jobbar for berekraft, og Vippas visjon er "frå jord til bord til jord igjen".

Berekraftige vegkroer

Tradisjonelle vegkroer siktar seg òg inn mot ein berekraftig profil, og NAF-magasinet Motor kåra heile tre vinnarar av Årets vegmat i 2019. Vinnarane er vegkroer som "har ein klar tanke om kva dei ønskjer å serverer og kvifor", og som tilbyr sunn mat laga med lokale råvarer, langs vegen.

I 2019 vann Annis Spisested i Ringebu langs E6 i Gudbrandsdalen, Lokstallen ved fylkesveg 34 utanfor Brandbu og Anitas Sjømat langs E10 i Lofoten. Sunn mat held sjåførane vakne, meiner NAF.

Kjelde


NAF-magasinet Motor har kåret tre vinnere av Årets veimat i 2019. https://www.naf.no/om-naf/nytt-fra-naf/naf-magasinet-motor-har-karet-tre-vinnere-av-arets-veimat-i-2019/ (Henta 16.10.2020 kl. 10:51).

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2023

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet