Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Attraksjonar

Kva er ein attraksjon? Og kva verdi har attraksjonar for reiselivsdestinasjonar?
Kvalsafari ved Kvaløya utanfor Tromsø. To knølkvalar leiker i havoverflata. Rib-båt med turistar i bakgrunnen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva kan du jobbe åleine eller saman med ein klassekamerat.

Oppgåve 1

  1. Kva er ein attraksjon, og kvifor er det viktig for ein reiselivsdestinasjon å ha attraksjonar?
  2. Kva var dei ti mest populære attraksjonane i Noreg i fjor?
  3. Vi deler attraksjonane inn i tre ulike kategoriar. Kva blir desse kalla, og kva er forskjellen?
  4. Dersom du skulle ha reist på noregsferie, kva for ein norsk attraksjon ville ha vore primærattraksjonen din, og kvifor?
  5. Kva attraksjonar finst på heimstaden din?
  6. Kor viktige er attraksjonar for reiselivet i regionen din?

Oppgåve 2

Attraksjonar kan vere mykje ulikt. Felles for attraksjonar er at dei tiltrekkjer reisande som ønskjer å oppleve noko dei har sett eller høyrt om. Attraksjonar handlar mellom anna om opplevingar, og dei kan delast inn i ønsket om å sjå, gjere, lære, vere og nyte.

  • Planlegg ein noregsferie der du legg inn attraksjonar som gir deg

    • ein eller fleire "sjå-opplevingar"
    • ein eller fleire "gjere-opplevingar"
    • ein eller fleire "lære-opplevingar"
    • ein eller fleire "vere-opplevingar"
    • ein eller fleire "nyte-opplevingar"
  • Grunngi svara dine.
  • Diskuter svara i klassen.

Oppgåve 3

I klassen:

  • Diskuter betydninga av attraksjonar for Noreg som turistdestinasjon.
  • Bruk fantasien, og lag ei liste med ti nye og innovative attraksjonar de synest at Noreg burde få for å tiltrekkje seg nye turistar.

I par:

  • Vel ut ein attraksjon frå lista de laga.
  • Planlegg attraksjonen, og lag eit lite notat om korleis og kvifor denne attraksjonen blir viktig for reiselivet i Noreg.
  • Lag ein reklame for attraksjonen, ved hjelp av teikning og bilete de finn på internett. Reklamen skal selje attraksjonen.
  • Vis fram reklamen dykkar for dei andre i klassen.

Frå badelandet og vassparken i Bø Sommarland. I eit stort basseng koser både barn og vaksne seg på og ved ei vannsklie forma som eit dragehovud. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Attraksjonar er ofte avgjerande for vala du tek når du bestemmer kvar du vil reise. Attraksjonar kan vere menneskeskapte og naturgitte.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2021

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet