Hopp til innhald
Fagartikkel

Turistattraksjonar i Noreg

Når du skal jobbe innan reiseliv i Noreg, bør du ha kjennskap til dei viktigaste attraksjonane Noreg har å by på. Ein turistattraksjon kan vere alt frå gamle bygningar til naturfenomenet nordlys, og kan bli besøkt av både norske og utanlandske turistar.

Nettressursar

På nettet finst det mange gode ressursar om turistattraksjonar i Noreg.

Visitnorway.no

Nettstaden Visit Norway er drifta av Innovasjon Noreg, og er den offisielle reiseguiden til Noreg. Visjonen til visitnorway.no er å gjere det enkelt å velje Noreg som reisemål. Nettstaden har mellom anna oversikter over populære reisemål i Noreg. Dei har òg lister over populære turistattraksjonar på dei ulike reisemåla, og topplister over attraksjonar.

Les meir om kva Noreg har å by på

Start noregsferien din på visitnorway.no!

Destinasjonsselskap

Nettsidene til dei ulike destinasjonsselskapa i Noreg har fine oversikter over turistattraksjonar i området sitt.

Sjå nettsidene til dei ulike destinasjonsselskapa i Noreg

Fjord Norway, Visit Sørlandet, Visit Oslo, Den Norske Turistforening, Nord-Norge, Opplev Midt-Norge

Lokalkunnskap

I reiselivsbransjen må du kunne vidareformidle god og relevant informasjon til gjester og kundar. Turistinformasjonar og hotell tilbyr guidebøker og anna informasjonsmateriell.

Det er viktig med god lokalkunnskap, som vil seie å kjenne til attraksjonar, matstader, transport, opplevingar og andre ting som kan vere av interesse for gjestene. Du må òg ha kunnskap om lokale tradisjonar og historiske stader.