Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Feriepengar

Oppgåvene kan løysast med alle hjelpemiddel dersom det ikkje står noko anna.

4.1.20

I 2008 hadde Siv ei brutto årslønn på 365 600 kroner. Av dette var 39 100 kroner utbetalte feriepengar i 2008. Siv har rett til ferie i fem veker og har dermed ein feriepengesats på 12 prosent.

Finn beløpet Siv får utbetalt i feriepengar i 2009. Gjer utrekningar både med og utan rekneark.

Løysing

Oppgåva løyst med rekneark:

A

B

C

B (formelvising)

1

Lønnsutrekningar for Siv

2

3

Inndata

4

Bruttolønn 2008

365600

kr

5

Feriepengar 2008

39100

kr

6

Feriepengesats

12

%

7

8

Utrekning

9

Feriepengegrunnlag

326500

kr

=B4-B5

10

Feriepengar for 2009

39180

kr

=B9*B6/100

Oppgåva løyst manuelt:

Feriepengegrunnlag for feriepengar for 2009:

365 600 kr-39 100 kr=326 500 kr

Feriepengar for 2009:

326 500 kr100·12=39 180 kr

Nedanfor kan du sjå utrekningane gjort i eit rekneark.

Filer

4.1.21

Trond hadde sommarjobb i 4 veker. Han tente 5 500 kroner per veke.

a) Bruk teorien eller internett og finn ut kor mykje Trond har rett til å få i feriepengar.

Løysing

Går vi ut frå at Trond er yngre enn 60 år, har han rett til å få 10,2 prosent feriepengar. Arbeidsgivar kan òg ha inngått ein avtale som gir Trond rett til 12 prosent feriepengar.

Med 10,2 prosent feriepengesats vil Trond få 5 500 kr·4·0,102=2 244 kr i feriepengar.

Med 12 prosent feriepengesats vil Trond få 5 500 kr·4·0,12=2 640 kr i feriepengar.

b) Bruk internett og finn ut om Trond kan få utbetalt feriepengane rett etter at han er ferdig med sommarjobben.

Løysing

Trond har rett til å få utbetalt feriepengane rett etter at han er ferdig med sommarjobben dersom arbeidsforholdet sluttar, det vil seie dersom arbeidsforholdet blir sagt opp.

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2021

Læringsressursar

Lønn og sparing