Hopp til innhald
Oppgåve

Lønnsutrekningar

Oppgåvene her skal løysast med rekneark om ikkje anna er oppgitt.

Du finn eit rekneark med alle løysingane nedst på sida.

4.1.1

a) Torjus har ei på 41 000 kroner kvar månad. Han blir trekt 24 prosent i skatt. Kva blir hans?

Løysing

Nettolønna blir 31 160 kroner.

b) Dersom skatteprosenten blir endra til 26 prosent, kva blir nettolønna då? Bruk òg reknearket til å rekne ut kor mykje mindre nettolønna blir.

Løysing

Dersom skatteprosenten er 26 prosent, blir nettolønna 30 340 kroner.

Skilnaden i skatteprosent er 2 prosentpoeng. Det betyr at skilnaden er 2 prosent av bruttolønna. Vi kan lure reknearket til å rekne ut denne skilnaden for oss direkte dersom vi set skatteprosenten til 98 prosent. Då vil talet i celle B8 for nettolønn vise kva 2 prosent er (men då betyr talet skilnaden i nettolønn, ikkje sjølve nettolønna).

Skilnaden i nettolønn er 820 kroner.

(Hugs at når skatten er 24 prosent, blir nettolønna, som er resten, 76 prosent. Når skatten er 26 prosent, blir nettolønna 74 prosent. Når skatten er 98 prosent, blir nettolønna 2 prosent.)

c) Kva blir brutto timelønn til Torjus når vi reknar at arbeidstida er 162,5 timar per månad?

Løysing

Brutto timelønn til Torjus er 252,31 kroner.

4.1.2

Ine jobbar kvar laurdag i ein fiskebutikk. Ho har arbeidstid frå klokka 11.00 til klokka 18.30. Ein månad jobbar ho fire laurdagar. Ho får 50 prosent overtidstillegg etter klokka 17.00. Kva er bruttolønna til Ine denne månaden når timelønna er 150 kroner?

Løysing

Her har vi valt å først rekne vanleg timelønn på alle timane. Deretter reknar vi ut overtidstillegget i lønna.

Bruttolønna til Ine denne månaden er 4 950 kroner.

4.1.3

Celine har ei timelønn på 195 kroner. I mai arbeidde ho 162,5 timar. Celine har prosentkort og trekkjer 33 prosent skatt. Kor mykje fekk Celine utbetalt denne månaden?

Løysing

Hugs at "utbetalt lønn" er det same som nettolønn.

Celine fekk utbetalt 21 230,63 kroner denne månaden.

4.1.4

Markus har ei timelønn på 175 kroner. Ein månad arbeidde han 145 timar. Markus har prosentkort og trekkjer 27 prosent skatt. Kva var til Markus denne månaden?

Løysing

Nettolønna til Markus denne månaden var 18 523,75 kroner.

4.1.5

Anne har jobb som telefonseljar tre ettermiddagar kvar veke. Arbeidstida er frå klokka 15.30 til klokka 18.30. Ho har ein avtale der ho får ei fast timelønn på 165 kroner. I tillegg får ho 15 prosent av salet som lønn. Anne har prosentkort og betaler 21 prosent skatt.

I mars hadde ho dei følgjande sala:

Veke, nr.

10

11

12

13

Sal, kr

3 200

3 900

2 700

4 100

a) Finn den reelle timelønna til Anne denne månaden når vi tek med provisjonen.

Løysing

Anne har ei reell timelønn på 222,92 kroner denne månaden.

b) Finn nettolønna til Anne denne månaden.

Løysing

Anne har ei nettolønn på 6 339,75 kroner denne månaden.

4.1.6 (Omarbeidd frå tidlegare eksamensoppgåve)

Ole arbeider på ein mekanisk verkstad. Han har ei timelønn på 245 kroner innanfor vanleg arbeidstid. Han betaler 2 prosent av bruttolønna til ein pensjonskasse og har ein trekkprosent for skatt på 36 prosent. Nedanfor ser du kor mange timar han arbeidde ein månad.

Arbeid

Tal på timar

Vanleg arbeidstid

150

Overtid med 50 prosent tillegg

16

Overtid med 100 prosent tillegg

6

a) Bestem bruttolønna til Ole denne månaden.

Løysing

Bruttolønna var 45 570 kroner denne månaden.

b) Kor mykje betalte Ole til pensjonskassen denne månaden?

Løysing

Ole betalte 735 kroner til pensjonskassen.

c) Det Ole betaler til pensjonskassen, skal han ikkje trekkjast i skatt for. Kor mykje fekk Ole utbetalt etter at skatten var trekt ifrå denne månaden?

Løysing

Ole fekk utbetalt 28 694,40 kroner.

4.1.7

Lars har ein jobb der arbeidstida varierer frå veke til veke. Ein månad vart arbeidstida hans slik:

Veke

1

2

3

4

5

Tal på timar

36

38

45

42

13

Lars har ei timelønn på 225 kroner. Han har ein trekkprosent for skatt på 28 prosent. Han betaler 650 kroner kvar månad til fagforeininga, ein sum som er skattefri. Rekn ut nettolønna til Lars.

Løysing

Nettolønna til Lars blir 27 720 kroner.

4.1.8

Svein jobbar som seljar. Han har ei fast månadslønn på 30 000 kroner. I tillegg skal Svein ha 5 prosent av salet som overstig 100 000 kroner. Nedanfor er ei oversikt over kor mykje han selde for første halvår i 2019.

Månad

Januar

Februar

Mars

April

Mai

Juni

Salstal, kroner

95 000

145 000

198 000

76 000

130 000

150 000

a) Rekn ut til Svein for desse seks månadene.

Tips

Her får du bruk for reknearkfunksjonen HVIS() når du skal rekne ut provisjonsdelen av lønna.

Løysing

Bruttolønna til Svein vart 191 150 kroner dette halvåret.

b) Svein kunne òg ha fått ei avtale der den faste månadslønna blir redusert til 25 000 kroner, men at han i staden får 8 prosent provisjon av salet som overstig 100 000 kroner. Ville det ha lønt seg med denne avtalen i staden for den opphavlege?

Løysing

Vi endrar provisjonsprosenten og den faste månadslønna i reknearket. Med dei nye vilkåra ville lønna til Svein ha vorte 167 840 kroner for dette halvåret. Altså er ikkje dette ein avtale som ville ha lønt seg for han.

c) Kor stor må provisjonsprosenten vere for at lønna skal bli den same som i oppgåve a) dersom den faste månadslønna skal vere 25 000?

Tips

Her kan du prøve deg fram med ulike verdiar for provisjonsprosenten.

Løysing

Ved å prøve oss fram med ulike tal for provisjonsprosenten i reknearket får vi at dersom provisjonen er på 18,45 prosent, blir lønna omtrent den same som i oppgåve a).

4.1.9

Eit firma bruker i periodar skuleungdommar for å få unna diverse målarjobbar. Ungdommane får timelønn etter alder. I tillegg til timelønn må firmaet betale feriepengar og arbeidsgivaravgift. Firmaet har berekna at desse utgiftene utgjer 25 prosent av timelønna. Du skal lage eit rekneark som vist nedanfor. I dei kvite cellene skal firmaet registrere opplysningar. I dei blå cellene skal du setje inn formlar.

  • Timelønn og kor stor prosentdel av lønna som firmaet må berekne til feriepengar og arbeidsgivaravgift, skal registrerast i celle B3, B4 og B5.
  • Når alderen blir registrert, skal reknearket automatisk gi riktig timelønn.
  • Totale kostnader for kvar ungdom er summen av lønna til ungdommen og utgiftene til feriepengar og arbeidsgivaravgift.
Løysing

Her treng vi berre ta med formelvisinga av reknearket.

4.1.10

Amalie arbeider i ei sportsforretning. Timelønna er 250 kroner. Arbeidstida kan variere noko frå månad til månad. For ikkje å få "skattesmell" blir det trekt meir skatt dersom blir større enn 30 000 kroner. Dette blir gjort ved å trekkje 23 prosent skatt av dei første 30 000 kronene av månadslønna. Eit eventuelt overskytande beløp blir det trekt 35 prosent skatt av.

Nedanfor er det ei oversikt over arbeidstimane til Amalie i månadene august til og med desember.

Månad

Arbeidstimar

August

110

September

125

Oktober

127

November

105

Desember

135

a) Bruk rekneark, og finn for dei fem månadene. Bruk kommandoen HVIS() når du skal rekne ut skattetrekket.

Løysing

Nettolønna for dei fem månadene var 115 075 kroner.

b) Kva blir den gjennomsnittlege skatteprosenten for desse fem månadene?

Løysing

Vi må rekne ut den totale skatten og finne ut kor mange prosent han er av den totale bruttolønna.

Den gjennomsnittlege skatteprosenten for desse fem månadene var 23,5 prosent.

Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med alle løysingane.

CC BY-SA 4.0Skrive av Olav Kristensen, Stein Aanensen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2021