Hopp til innhald

Fagstoff

Sparing

Ein vanleg måte å spare pengar på er å setje pengane på ein sparekonto i ein bank. Er du under 34 år, er BSU ein svært gunstig spareform.
Sparegris står oppå mange pengestykke som ligg utover ei flate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved sparing i bank får du ei avkasting på kapitalen, altså pengane dine, i form av renter. Rentefoten fortel kor mange prosent av kapitalen du får i rente for ein viss periode, vanlegvis eitt år. Rentefoten kan til dømes vere 2,5 prosent p.a. Det står for pro anno, som betyr "per år". Vanlegvis blir berre prosentsatsen oppgitt, og då er det renter per år som er meint.

Korleis eit innskot veks ved banksparing

Du set eit beløp på 5 000 kroner i banken til ei fast rente på 3,5 prosent per år. Vekstfaktoren er 1+3,5100=1+0,035=1,035.

På bankkontoen vil det då om eitt år stå 5 000 kr·1,035=5175 kr.

Etter 10 år har beløpet vakse til  5 000 kr·1,03510=7 053 kr.

I eit rekneark kan du leggje inn beløp, rentefot og talet på år og sjå korleis ulike beløp vil vekse ved banksparing. Dette skal vi arbeide med i oppgåvene som handlar om sparing.

Sparekalkulatorar

På nettsidene til dei fleste bankar finn du sparekalkulatorar som verkar som reknearka ovanfor, men med fleire moglegheiter.

Nordea tilbyr til dømes ein Sparekalkulator for månedlig sparing på konto (nordea.no). Du kan berekne sluttbeløp ved faste månadlege sparingar. Du kan òg rekne ut kor mykje du må spare månadleg for å nå eit bestemt sluttbeløp.

På ein sparekonto har du vanlegvis eit avgrensa tal uttak per år, men rentene på ein sparekonto er relativt høge. Har du eit stort beløp på ein sparekonto, får du som regel høgare rente enn på eit mindre beløp.

Brukskonto

Det er vanleg for ein arbeidstakar at lønna blir overført direkte til ein brukskonto i ein bank. Her er renta lågare enn på ein sparekonto, men til gjengjeld har du eit uavgrensa tal uttak per år. Til ein brukskonto får du eit betalingskort som du kan bruke ved betaling i butikkar og liknande.

Bustadsparing for ungdom, BSU

BSU står for "bustadsparing for ungdom" og er ein svært gunstig spareform som skal stimulere ungdom til å spare til framtidig bustadkjøp.

Staten gir deg reduksjon i inntektsskatten basert på kor mykje du sparer på BSU, og dei fleste bankar gir vesentleg høgare renter på ein BSU-konto enn på ein vanleg lønnskonto.

Reglar for sparing på BSU-konto (2023)

  • Du kan spare på ein BSU-konto til og med det året du fyller 33.

  • Du kan spare inntil 27 500 kroner i året og maksimalt 300 000 kroner til saman.

  • Du får fråtrekk i skatt på 10 prosent av årleg innbetalt sparebeløp.

  • Du kan i utgangspunktet berre bruke sparepengane til kjøp av bustad eller nedbetaling av bustadlån. Dersom du bruker pengane til noko anna, må du betale tilbake skattefordelane som er oppnådde i spareperioden.

Du kan finne oppdaterte vilkår for BSU hos Skatteetaten, sjå nettsida Fradrag for boligsparing for ungdom (BSU) (skatteetaten.no).

Dersom du sparer 2 500 kroner per år, kan du trekkje 10 prosent av dette beløpet av på skatten. Du har altså moglegheita til å spare 2 750 kroner på skatten kvart år dersom du sparer med BSU!

I tillegg får du gode rentevilkår på beløpet som står inne, så dette er absolutt ein spareform vi tilrår.

Sparing i aksjar eller aksjefond

Sparing i aksjefond kan gi høgare avkasting enn banksparing, men risikoen er høgare samanlikna med å setje pengane på ein bankkonto.

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2023

Læringsressursar

Lønn og sparing