Bruttolønn, nettolønn og skatt
Mange arbeidstakarar i Noreg har avtale med arbeidsgivarane sine om ei fast årslønn. Det er då ein føresetnad at det blir arbeidd eit bestemt tal på arbeidstimar. I Noreg er det vanleg med 37,5 timar per veke.
Ut frå årslønna reknar vi ut månadslønn som årslønn dividert på 12. Arbeidstakaren får lønn kvar månad han eller ho arbeider, men ikkje når det er ferie. Då får han eller ho feriepengar i staden.
Vi kan òg berekne ei timelønn ut frå årslønna. Då må vi først rekne ut kor mange arbeidstimar det er per år. Eit døme på korleis vi kan gjere dette, er at vi multipliserer 37,5 arbeidstimar per veke med 52 veker per år, noko som gir 1 950 timar per år. Talet på timar per månad blir då 1 950 timar per år dividert med 12 månader per år, som er lik 162,5 timar per månad.
Døme på utrekning av månadslønn og timelønn
Per har ei årslønn på 564 000 kroner. Rekn med 1 950 arbeidstimar i eit arbeidsår. Finn månadslønn og timelønn.
Vi set dette opp i eit rekneark, til dømes i reknearkprogrammet Microsoft Excel eller Google Regneark. Du finn grunnleggjande opplæring i bruk av rekneark på sida Reknearkkurs: Lønn og sparing.
Det er vanleg å skilje mellom inndata og utdata i rekneark. Inndata er informasjon som vi kan endre ved nye utrekningar, mens utdata er utrekningar som blir gjorde ut frå dei registrerte inndataa.
Biletet viser utrekning av månadslønna og timelønna til Per i Microsoft Excel. Som inndata registrerer vi årslønn, talet på månader og talet på timar.
I utdatadelen bereknar vi månadslønn ved å dele årslønna på talet på månader, som er 12. Timelønna bereknar vi ved å dele årslønna på talet på timar, som er 1 950 kroner. Vi ser at Per har ei månadslønn på 47 000 kroner, mens timelønna er på 289,23 kroner.
Det er alltid viktig å bruke cellereferansar i formlane der det er mogleg. Dersom vi skal finne månadslønna for ei anna årslønn, kan vi berre skrive inn den nye årslønna i celle B2. Då vil reknearket automatisk rekne ut den nye månadslønna, slik at nye inndata fører til endring av utdata. Her har vi vist formlane som er brukte i dømet.
Når du løyser oppgåver med rekneark på prøver og på skriftleg eksamen og leverer digitalt, kan du bli bedd om å ta med ein kopi av reknearket der formlane blir viste.
Rekneskapsnummerformat
For å få resultatet til å sjå betre ut i reknearket kan vi slå på rekneskapsnummerformat. For å få til det markerer vi cellene som inneheld ein pengesum og trykkjer på knappen med eit pengesymbol på. Denne knappen er på verktøyrada øvst i reknearket. Då får vi resultatet som er vist i reknearket med rekneskapsnummerformat.
Kvifor kan vi til dømes ikkje skrive rett inn kr 564 000
for årslønna i celle B2? (Prøv gjerne!)
Filer
Innleiing
Den lønna som står i avtalepapira mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, kallar vi bruttolønn. Arbeidstakaren får ikkje utbetalt bruttolønna. Arbeidsgivaren trekkjer frå skatt, som blir betalt inn til det offentlege. Vi seier at det blir gjort eit forskotstrekk av skatt.
Først når skatt og eventuelle andre frådrag (sjå nedanfor) er gjort, får arbeidstakaren utbetalt resten, som vi kallar nettolønn.
Arbeidsgivaren kan òg trekkje innbetaling til pensjonssparing og fagforeiningskontingent automatisk. Når arbeidsgivaren gjer dette for arbeidstakaren, skal desse summane bli trekte frå bruttolønna før forskotstrekket blir rekna ut og til slutt trekt frå.
Skattetrekk av lønnsinntekter
Skattemyndigheitene utferdar skattekort til arbeidstakarar. Her går det fram kor mykje av lønna som skal trekkjast i skatt. Tidlegare måtte arbeidstakar levere skattekortet til arbeidsgivar. No kan arbeidsgivar hente skattekortet digitalt på Altinn (altinn.no) Skattemyndigheitene kan utferde tre ulike typar skattekort:
Frikort: Tener du mindre enn 60 000 kroner i året (gjeld for 2021), treng du ikkje betale skatt. Du kan då bestille frikort hos Skatteetaten.
Prosentkort: På skattekortet står det oppgitt ein prosentsats som viser kor stor del av lønna arbeidsgivar skal trekkje i skatt.
Tabellkort: Dei fleste arbeidstakarar har eit tabellkort. Tabellkortet inneheld ein tabell som viser kor mykje som skal trekkjast i skatt.
Døme på utrekning av nettolønn
Olav har ei fast månadslønn på 40 000 kroner. Han blir trekt 27 prosent i skatt, og arbeidsgivar trekkjer 450 kroner kvar månad til fagforeininga Olav er medlem av.
Vi set opp eit rekneark for å berekne nettolønna til Olav.
Vi har laga eit inndataområde der vi skriv inn opplysningane. Som i det førre dømet har vi slått på rekneskapsnummerformat på cellene som inneheld eit kronebeløp (vi har ikkje skrive "kr" inn i desse cellene). Vi har òg unngått å skrive prosentteikn inn i cella med "Skattetrekk, prosent", for då kan cella automatisk få såkalla prosentformat, som kan medføre at talet vi skriv inn, blir delt på 100.
I området for utrekningar bereknar vi trekkgrunnlag for skatt i celle B7 ut frå bruttolønn og fagforeiningskontingenten. Hugs at automatisk trekk av fagforeiningskontingent er skattefritt. Så reknar vi ut skatten i celle B8 og bereknar nettolønna i celle B9 ved å trekkje "Skatt" frå "Trekkgrunnlag for skatt".
Reknearket er laga slik at vi kan endre månadslønn, fagforeiningskontingent eller skattetrekk og automatisk få utført nye utrekningar.
Filer
Når nokon arbeider utover avtalt arbeidstid, kan dei få overtidstillegg. Overtidstillegget er ofte eit fast tillegg i prosent, som varierer etter når på døgnet overtida er, eller om det er helg eller heilagdag.
Døme
Ellinor har ei fast månadslønn på 42 175 kroner. Talet på timar per månad er 162,5. Ein månad arbeidde Ellinor 5 timar overtid med 40 prosent tillegg i timelønna og 7 timar overtid med 100 prosent tillegg i timelønna.
På biletet ser du utrekning av den samla bruttolønna til Ellinor. I utrekninga av overtidslønna er det brukt vekstfaktor slik at overtidslønna blir funnen direkte. I celle B14 skal tala i cellene B11 til og med B13 leggjast saman. Vi kan gjere det ved å leggje saman dei tre cellene over med formelen =B11+B12+B13
i celle B14. I staden for å skrive inn kvar celle som skal leggjast saman, kan vi bruke funksjonen SUMMER() slik:
=SUMMER(B11:B13)
Dette ser ikkje veldig mykje enklare ut enn den første formelen, men tenk deg at det til dømes er 50 celler som skal summerast.
Tips: Bruk verktøyknappen for summering i reknearket når du skal lage formelen i staden for å skrive han inn manuelt.
Dersom du ønskjer å sjå formlane som er brukte i dette dømet, kan du opne reknearket i lenkja nedanfor.