Bruttolønn, nettolønn og skatt - Matematikk 2P - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Bruttolønn, nettolønn og skatt

Lønn er betaling for utført arbeid. Det vanlege er å få utbetalt lønn ein gong i månaden, som eit fast beløp pluss eventuelle tillegg. Når du har lønt arbeid, er det viktig å forstå omgrep som bruttolønn, nettolønn og skatt. Det er òg nyttig å kunne berekne månadslønn og timelønn.

Årslønn, månadslønn og timelønn

Mange arbeidstakarar i Noreg har avtale med arbeidsgivarane sine om ei fast årslønn. Det er då ein føresetnad at det blir arbeidd eit bestemt tal på arbeidstimar. I Noreg er det vanleg med 37,5 timar per veke.

Ut frå årslønna reknar vi ut månadslønn som årslønn dividert på 12. Arbeidstakaren får lønn kvar månad han eller ho arbeider, men ikkje når det er ferie. Då får han eller ho feriepengar i staden.

Vi kan òg berekne ei timelønn ut frå årslønna. Då må vi først rekne ut kor mange arbeidstimar det er per år. Eit døme på korleis vi kan gjere dette, er at vi multipliserer 37,5 arbeidstimar per veke med 52 veker per år, noko som gir 1 950 timar per år. Talet på timar per månad blir då 1 950 timar per år dividert med 12 månader per år, som er lik 162,5 timar per månad.

Døme på utrekning av månadslønn og timelønn

Per har ei årslønn på 564 000 kroner. Rekn med 1 950 arbeidstimar i eit arbeidsår. Finn månadslønn og timelønn.

Vi set dette opp i eit rekneark, til dømes i reknearkprogrammet Microsoft Excel eller Google Regneark. Du finn grunnleggjande opplæring i bruk av rekneark på sida Reknearkkurs: Lønn og sparing.

Det er vanleg å skilje mellom inndata og utdata i rekneark. Inndata er informasjon som vi kan endre ved nye utrekningar, mens utdata er utrekningar som blir gjorde ut frå dei registrerte inndataa.

Biletet viser utrekning av månadslønna og timelønna til Per i Microsoft Excel. Som inndata registrerer vi årslønn, talet på månader og talet på timar.

I utdatadelen bereknar vi månadslønn ved å dele årslønna på talet på månader, som er 12. Timelønna bereknar vi ved å dele årslønna på talet på timar, som er 1 950 kroner. Vi ser at Per har ei månadslønn på 47 000 kroner, mens timelønna er på 289,23 kroner.

Det er alltid viktig å bruke cellereferansar i formlane der det er mogleg. Dersom vi skal finne månadslønna for ei anna årslønn, kan vi berre skrive inn den nye årslønna i celle B2. Då vil reknearket automatisk rekne ut den nye månadslønna, slik at nye inndata fører til endring av utdata. Her har vi vist formlane som er brukte i dømet.

Når du løyser oppgåver med rekneark på prøver og på skriftleg eksamen og leverer digitalt, kan du bli bedd om å ta med ein kopi av reknearket der formlane blir viste.

Rekneskapsnummerformat

For å få resultatet til å sjå betre ut i reknearket kan vi slå på rekneskapsnummerformat. For å få til det markerer vi cellene som inneheld ein pengesum og trykkjer på knappen med eit pengesymbol på. Denne knappen er på verktøyrada øvst i reknearket. Då får vi resultatet som er vist i reknearket med rekneskapsnummerformat.

Kvifor kan vi til dømes ikkje skrive rett inn kr 564 000 for årslønna i celle B2? (Prøv gjerne!)

Svar

Dersom vi skriv inn tekst saman med sjølve talet for årslønna, vil innhaldet i cella bli oppfatta som tekst. Reknearket kan ikkje rekne med tekst, så vi får feilmelding i cellene der vi har formlar der celle B2 er ein del av formelen.

Bruttolønn, nettolønn og skatt

Innleiing

Den lønna som står i avtalepapira mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, kallar vi . Arbeidstakaren får ikkje utbetalt bruttolønna. Arbeidsgivaren trekkjer frå skatt, som blir betalt inn til det offentlege. Vi seier at det blir gjort eit forskotstrekk av skatt.

Først når skatt og eventuelle andre frådrag (sjå nedanfor) er gjort, får arbeidstakaren utbetalt resten, som vi kallar .

Arbeidsgivaren kan òg trekkje innbetaling til pensjonssparing og fagforeiningskontingent automatisk. Når arbeidsgivaren gjer dette for arbeidstakaren, skal desse summane bli trekte frå bruttolønna før forskotstrekket blir rekna ut og til slutt trekt frå.

Video: Cylinder Productions / CC BY 4.0

Skattetrekk av lønnsinntekter

Skattemyndigheitene utferdar skattekort til arbeidstakarar. Her går det fram kor mykje av lønna som skal trekkjast i skatt. Tidlegare måtte arbeidstakar levere skattekortet til arbeidsgivar. No kan arbeidsgivar hente skattekortet digitalt på Altinn (altinn.no) Skattemyndigheitene kan utferde tre ulike typar skattekort:

  • Frikort: Tener du mindre enn 60 000 kroner i året (gjeld for 2021), treng du ikkje betale skatt. Du kan då bestille frikort hos Skatteetaten.

  • Prosentkort: På skattekortet står det oppgitt ein prosentsats som viser kor stor del av lønna arbeidsgivar skal trekkje i skatt.

  • Tabellkort: Dei fleste arbeidstakarar har eit tabellkort. Tabellkortet inneheld ein tabell som viser kor mykje som skal trekkjast i skatt.

Døme på utrekning av nettolønn

Olav har ei fast månadslønn på 40 000 kroner. Han blir trekt 27 prosent i skatt, og arbeidsgivar trekkjer 450 kroner kvar månad til fagforeininga Olav er medlem av.

Vi set opp eit rekneark for å berekne nettolønna til Olav.

Vi har laga eit inndataområde der vi skriv inn opplysningane. Som i det førre dømet har vi slått på rekneskapsnummerformat på cellene som inneheld eit kronebeløp (vi har ikkje skrive "kr" inn i desse cellene). Vi har òg unngått å skrive prosentteikn inn i cella med "Skattetrekk, prosent", for då kan cella automatisk få såkalla prosentformat, som kan medføre at talet vi skriv inn, blir delt på 100.

I området for utrekningar bereknar vi trekkgrunnlag for skatt i celle B7 ut frå bruttolønn og fagforeiningskontingenten. Hugs at automatisk trekk av fagforeiningskontingent er skattefritt. Så reknar vi ut skatten i celle B8 og bereknar nettolønna i celle B9 ved å trekkje "Skatt" frå "Trekkgrunnlag for skatt".

Reknearket er laga slik at vi kan endre månadslønn, fagforeiningskontingent eller skattetrekk og automatisk få utført nye utrekningar.

Overtidstillegg

Når nokon arbeider utover avtalt arbeidstid, kan dei få overtidstillegg. Overtidstillegget er ofte eit fast tillegg i prosent, som varierer etter når på døgnet overtida er, eller om det er helg eller heilagdag.

Døme

Ellinor har ei fast månadslønn på 42 175 kroner. Talet på timar per månad er 162,5. Ein månad arbeidde Ellinor 5 timar overtid med 40 prosent tillegg i timelønna og 7 timar overtid med 100 prosent tillegg i timelønna.

På biletet ser du utrekning av den samla bruttolønna til Ellinor. I utrekninga av overtidslønna er det brukt vekstfaktor slik at overtidslønna blir funnen direkte. I celle B14 skal tala i cellene B11 til og med B13 leggjast saman. Vi kan gjere det ved å leggje saman dei tre cellene over med formelen =B11+B12+B13 i celle B14. I staden for å skrive inn kvar celle som skal leggjast saman, kan vi bruke funksjonen SUMMER() slik:

=SUMMER(B11:B13)

Dette ser ikkje veldig mykje enklare ut enn den første formelen, men tenk deg at det til dømes er 50 celler som skal summerast.

Tips: Bruk verktøyknappen for summering i reknearket når du skal lage formelen i staden for å skrive han inn manuelt.

Dersom du ønskjer å sjå formlane som er brukte i dette dømet, kan du opne reknearket i lenkja nedanfor.

Viktig å kunne om rekneark

Vis innhald

Celleadresser

Adressa til ei celle finn vi ved å sjå på namnet på kolonnen og nummeret på rada tabellcella står i. Til dømes er B2 adressa til cella der månadslønna står i dømet ovanfor.

Utrekningar og formlar

Utrekningar i rekneark skal byrje med likskapsteiknet =.

Dei fire rekneartane pluss, minus, gonge og dele er +, -, * og /. (Dette er heilt likt som i programmeringsspråket Python.)

Når vi skal rekne ut 2 opphøgd i tredje, 2³, skriv vi

=2^3

Vi kan lage formlar ved å referere til celleadresser. Dersom vi ønskjer å multiplisere innhaldet i celle B2 med innhaldet i celle B3 og få resultatet i celle B7, må vi gå til celle B7 og skrive

=B2*B3

Rekneskapsnummerformat

Vi kan slå på rekneskapsnummerformat på celler som inneheld pengeverdiar. Då vil det i cellene automatisk stå "kr" først, og talet får to desimalar.

Inndataområde

Dersom vi er flinke til å lage eit inndataområde i reknearket vårt, er det lett å gjere endringar på tala der og sjå kva slags endringar dette fører til nedover i reknearket. Dette gjer at vi bruker fleire celler i reknearket enn det vi eigentleg treng for å løyse oppgåva, men det har sine fordelar.

SUMMER-funksjonen

Denne funksjonen legg saman innhaldet av cellene i eit område, til dømes alle cellene loddrett frå og med celle B1 til og med celle B8. Dette gjer vi slik:

=SUMMER(B1:B8)

Teiknet kolon i formelen betyr at det kjem eit intervall eller eit område. Funksjonen har ein eigen verktøyknapp som vi òg kan bruke, i staden for at vi skriv SUMMER inn manuelt. Det er òg mogleg å markere cellene som skal summerast (som område).


Skrive av Bjarne Skurdal, Olav Kristensen, Stein Aanensen og Vibeke Bakken.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2021