Oppgåve
Feriepengar
Oppgåvene kan løysast med alle hjelpemiddel dersom det ikkje står noko anna. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.
Oppgåve 1
I 2008 hadde Siv ei brutto årslønn på 365 600 kroner. Av dette var 39 100 kroner utbetalte feriepengar i 2008. Siv har rett til ferie i fem veker og har dermed ein feriepengesats på 12 prosent.
Finn beløpet Siv får utbetalt i feriepengar i 2009. Gjer utrekningar både med og utan rekneark.
Nedanfor kan du sjå utrekningane gjort i eit rekneark.
- Utrekning av feriepengar(XLSX)
Oppgåve 2
Trond hadde sommarjobb i 4 veker. Han tente 5 500 kroner per veke.
a) Bruk teorien eller internett og finn ut kor mykje Trond har rett til å få i feriepengar.
b) Bruk internett og finn ut om Trond kan få utbetalt feriepengane rett etter at han er ferdig med sommarjobben.
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokumenter.
- Feriepengar(DOCX)
- Feriepenga(PDF)