Hopp til innhald

Fagstoff

Reinsing og behandling

Etter at du har sanka tang og tare som skal nyttast i matlaging, må du behandle han raskt og halde han kjølig.
Ein bakke med forskjellige typar tang og tare. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Så lenge du er ved sjøen, kan du oppbevare nettet eller sekken med sanka tang og tare i sjøvatnet. Etter det kan du oppbevare tang og tare fuktig i kjøleskåp, men ikkje særleg meir enn fire timar. Du bør tenkje på dette som fersk sjømat: Luktar han dårleg, skal du ikkje nytte han. Tang og tare kan nyttast fersk, tørkast, kokast, steikjast, frysast, fermenterast og syltast.

Reinsing

Du kan med fordel begynne behandlinga allereie i sjøkanten ved å vaske av tilvekstar, groar eller liknande og deretter skylje algen godt i sjøvatn. Vask aldri tang og tare i ferskvatn. Bruk berre frisk tang og tare, og tenk på same måte som når du haustar salat: Det som ikkje ser fint ut, må du fjerne.

Vidare behandling består av finreinsing. Det kan du gjere på kjøkkenet før du anten frys ned det du har sanka, tørkar det eller oppbevarer det kjølig og mørkt.

Tørking

Ei gryte med sylta tang. Foto.

Du kan tørke tang og tare direkte frå nyplukka og våt tilstand eller etter frysing og tining. Friske, små tuppar av tang kan du tørke ved å leggje dei ut over ei rist eller ein myggnetting, til dømes oppå eit tørkestativ. Har du sanka større tareartar, kan du hengje dei på eit vanleg tørkestativ. Det vil ta rundt eit døgn å tørke han heilt. Forsikre deg om at han er heilt tørr.

Tørking kan du gjere både inne og ute, men ute bør du ha kontroll på at det ikkje kjem fugleskit eller anna på tangen eller taren.

Tørka tang og tare har ei haldbarheit på fleire år. Etter tørking kan du knuse han til dryss og oppbevare han i tette glas eller posar. Eventuelt kan du oppbevare dei tørka bitane heile og anten knuse dei rett før bruk eller leggje dei direkte i ei suppe eller ei gryte. Det er viktig at tangen eller taren er heilt tørr før han blir pakka ned og lagra tørt og lufttett. Fargen held seg best ved mørk lagring.

Konservering

Tang og tare kan òg frysast, fermenterast og syltast. Blæretang og sagtang eignar seg spesielt godt til sylting.

Får du ikkje nytta tang og tare med ein gong etter sankinga, kan du gjerne fryse han. Han har like god kvalitet etter frysing som når han er fersk.

Ikkje skyl tang og tare i ferskvatn. Lat han i staden vere våt av sjøvatn og helst ferdig reinsa når du skal konservere han. Pass på at det ikkje er for mykje i kvar boks/pose som skal frysast ned. Då vil alt bli ein hard klump som må tinast lenger enn du kanskje treng. Legg gjerne tang eller tare lagvis med matpapir mellom.

CC BY-SASkrive av Bjørn Viken og Anne Lise Viken. Rettshavar: tingmedtang.no
Sist fagleg oppdatert 23.08.2021

Læringsressursar

Tang og tare