Hopp til innhald

Fagstoff

Tang og tare på menyen

Fleire stader i verda nyttar ein i dag tang og tare som mat, og i asiatiske land er det ein vanleg ingrediens.
Ein tallerken med eit stykke bakt kveite med tangskum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi veit at våre norske forfedrar òg har nytta tang og tare som mat. I seinare år har denne kunnskapen gått i gløymeboka. Men sushien sitt inntog i Noreg og fokus på berekraftige og næringsrike råvarer har skapt aukande interesse for bruk av tang og tare på menyen. Spesielt innanfor det nordiske kjøkkenet er dette ei råvare som mange er opptekne av.

Tenk etter

Kjenner du til nokon rettar som er laga med eller av tang og tare?

Korleis nytte tang og tare på kjøkkenet?

Tang og tare har mange bruksområde, og det er berre fantasien som set grenser. Her er nokre døme på korleis desse sjøgrønsakene kan nyttast:

  • Tørka og knust til krydder eller nytta som smakstilsetjing i brøddeig og knekkebrød.

  • Grilla til sprø snacks eller pakka rundt eit stykke fisk på grillen.

  • Nytta i fiskefarse for å auke fiberinnhaldet. Tare kan dessutan fungere som bindemiddel og erstatte potetmjøl.

  • Kokt og nytta i supper og gryter.

  • Nytta som smakstilsetjing i øl.

Endrar farge

Ein kokk held ein bit med tare. Taren er brun øvst og grøn nedst. Foto.

Når taren blir kokt, blir det brune pigmentet brote ned. Då trer klorofyllet fram og gjer at taren får ein fin grønfarge. Dermed ser taren meir appetittvekkjande ut.

Smaksforsterkar

Tang og tare har mykje umami i seg. Umami fungerer som ein smaksforsterkar: Han framhevar dei andre ingrediensane i retten og gjer dermed retten meir velsmakande.

Næringsinnhald

Tang og tare er svært næringsrikt og inneheld mykje vitamin, mineral, protein, kostfiber og antioksidantar.

Nokre tareartar inneheld spesielt mykje jod, som mange i den vestlege verda ikkje får nok av. Vi kan få i oss jod ved å ete fisk, men tare kan òg etast av vegetarianarar og veganarar.

Mattilsynet rår oss til å vere forsiktige med å ete store mengder tang og tare, sidan det inneheld mykje jod. Dette rådet gjeld spesielt for gravide, ammande, små barn og folk som har sjukdommar i skjoldbruskkjertelen. Enkel varmebehandling av taren senkar jodnivået.

Berekraftig matressurs

Behovet for berekraftig produksjon av mat frå havet, auka fokus på å ete meir plantebasert og tiltak mot klimaendringar har i seinare år aktualisert dyrking av tang og tare.

Tang og tare har mange gode eigenskapar: Det er ein svært næringsrik, fornybar og kortreist ressurs. Taren kan òg binde store mengder CO2, og han treng verken gjødsel, matjord eller ferskvatn for å vekse.

Det blir forska på å nytte tang og tare til andre ting enn mat. Mellom anna undersøkjer ein om det går an å erstatte plast med bioplast laga av tang, og om ein kan nytte tang og tare til dyrefôr i staden for langreist soya.

Drøft

  1. Kor mange i klassen er positive til å nytte tang og tare på kjøkkenet? Ta ei handsopprekking.

  2. Trur de det er stor skepsis blant nordmenn til å nytte tang og tare i kosthaldet?

  3. Korleis kan kunnskap om tang og tare vere med på å endre forbruksmønsteret?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 20.08.2021

Læringsressursar

Tang og tare