Hopp til innhald

Fagstoff

Sanking

Før du skal sanke tang og tare, krevst det litt planlegging.
To jenter i fjøra. Den eine held ein stilk med fingertare. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vel ein stad som har god vassgjennomstrøyming, og som ikkje er i nærleiken av utslepp.

Sjå gjerne på tidvasstabellar, og start sankinga litt før vasstanden er på det lågaste.

Reiskapar og utstyr

Du treng

  • saks eller kniv

  • finmaska nett til tang og større nett/sekk til tare

  • gummistøvlar

  • broddar til sko/støvlar (naudsynt på glatte svaberg)

  • gummihanskar
  • vadarar og tørrdrakt om du har

Slik sankar du

Vi nyttar ikkje heile algen i mat. Tenk på same måte som når du haustar salat: Ta bort det som ser stygt ut, og bruk det som ser fint ut.

Tang veks i toppen som ein blomster. Det er i hovudsak dei friske tuppane / dei nye skota vi nyttar i mat. Bruk òg fruktlekamen og litt av bladet nedover. Tang er det du finn øvst i fjøra. (Sjå gjerne tangkartet som ligg under Relatert innhald.)

Tare veks frå botnen som eit hårstrå. Du skal klippe taren eit stykke over festet nær botnen. Sjølve festet skal stå igjen. Vi nyttar ikkje den ytre tuppen av blad, som ofte er sliten og tilgrodd.

Nokre hugsereglar

  • Bruk aldri tang og tare som har drive i land. Sank det som sit fast. (Unntaket er rett etter ein storm. Då kan du sanke friske artar du elles ikkje finn i sjøkanten.)

  • Lat alltid ein del av algen med feste stå igjen for å sikre ny vekst, og sank aldri alt av ein art i eit område.

  • Skyl alltid tang og tare godt i sjøvatn, og unngå ferskvatn. Fjern tilvekstar og sand.

  • Oppbevar sankenett i sjøvatn så lenge du er i fjøra. Etter det kan tang eller tare oppbevarast fuktig i t.d. kjøleskåp, men han bør behandlast før det har gått fire timar. Luktar han dårleg, må du ikkje nytte han i mat.

  • Tenk alltid på eiga sikkerheit, spesielt viss du er åleine i sjøkanten.

  • Det er ikkje påvist giftige tang- og tareartar i Skandinavia.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bjørn Viken og Anne Lise Viken. Rettshavar: Tingmedtang.no
Sist fagleg oppdatert 23.08.2021

Læringsressursar

Tang og tare