Hopp til innhald

Råvarer og produksjon

Uansett om du vil bli kokk, servitør eller ferskvarehandlar, må du ha god kunnskap om ulike råvarer og tillagingsteknikkar, næringsinnhald og ein berekraftig produksjon.

Kjøt

Kjøt er ein del av det daglege kosthaldet til mange nordmenn. Det er næringsrikt, ein blir god og mett av det, og det kan lagast til på mange ulike måtar.

Kjøt som råstoff

Kjøt er musklar frå pattedyr, fjørfe og fuglar. Dei ulike kjøtslaga gir store variasjonsmoglegheiter i smak, bruk og næringsinnhald.