Hopp til innhald

Meny, drikke og sensorikk

Eit godt måltid består av mat og drikke som er nøye sette saman, og der det er ein fin balanse mellom grunnsmakane. I dette emnet vil du lære meir om smak og sensorikk, dei ulike drikkevarene og korleis du komponerer ein meny.

Menylære og dei ulike menytypane

Ein vellykka meny er gjennomtenkt og tilpassa både gjester, serveringsstad og tidspunkt. I dette emnet blir du kjend med dei normene og standardane som gjeld for menyarbeidet, både i Noreg og i det internasjonale kjøkkenet.

Menylære

I dette emnet får du ei innføring i menylære og i menynøkkelen, som gir ein disposisjon for menyarbeidet og viser oss korleis og i kva rekkjefølgje vi bør setje saman rettane i ein meny.