Tapas har blitt meir og meir vanleg i Noreg i seinare år. Tapas kjem frå Spania og er mat som byr på mykje smak. Ordet tapas kjem frå "å dekke til" eller "deksel" på spansk og er ei nemning på små kalde eller varme rettar som opphavleg blei etne med eit glas vin til, som eit lite mellommåltid.
Eit tapasbord består av mange små rettar og byr på noko for kvar smak. Det er vanskeleg å seie eksakt kva som skal vere på eit tapasbord, men nokre rettar går igjen.
Tapasrettar
- spekemat som chorizo og serranoskinke
- albondigas (spanske kjøttbollar)
- skaldyr i ulike variantar
- marinert kylling
- tortilla (spansk omelett med potet)
- assortert osteanretning
- gazpacho (spansk tomatsuppe)
- lefser fylte med spekeskinke
- små poteter med krydder
- dadlar i bacon
Tilbehøyr
brød: godt og smakfullt brød
smør: ulike typar smør eller margarin og god olivenolje
saus: aioli, tapenade, olje-/eddikdressingar
salatar: tomatsalat, grøn salat, pastasalat
oliven: eit utval av ulike typar oliven
nøtter: salte og rista nøtter
Mengdeberekning
Kor mykje mat ein skal rekne, er avhengig av kor stort tapasbordet er, og mengda kjøt og fisk avheng av tilbehøyret. Rekn om lag 500–600 g mat per person, inkludert tilbehøyr.
Drikke
Sherry, øl, lett raudvin eller fyldig kvitvin kan passe til tapasbord.
Alkoholfritt
Eplemost, isvatn og mineralvatn.
Relatert innhald
Nettside hos vinmonopolet.no
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022