Hopp til innhald

Fagstoff

Frukostbord

Ein god frukost gir ein god start på dagen. Eit bognande frukostbord inneheld mange ulike rettar og har eit breitt utval for alle smakar.
Eit bognande frukostbord med ulike bakarvarer, pålegg, frukt, drikker og anna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dagens første måltid

Frukosten er for dei fleste dagens første måltid. Han skal gi energi til å komme i gang på jobb eller skule, og løyse dagens første oppgåver. Kva som er vanleg å ete til frukost, vil variere frå heim til heim og frå land til land. Når dette måltidet begynner, vil òg variere. På ein overnattingsstad som eit hotell vil frukosten gjerne starte tidleg på morgonen, slik at gjestane kan nå å ete ein god frukost før arbeidsdagen begynner. I overnattingsbedrifter er det vanleg å servere frukosten som eit frukostbord der gjestane sjølve kan forsyne seg med det dei ønsker.

På ein institusjon kan det vere praktisk å servere frukosten på eit fast tidspunkt som passar til aktivitetsplanen. Frukosten kan anten serverast som eit frukostbord der bebuarane forsyner seg sjølve, eller han kan serverast på brett til brukarane.

Eit frukostbord består vanlegvis av:

  • brød og bakarvarer: eit utval av grovbrød, kneippbrød, finbrød, loff, rundstykke, knekkebrød, kavringar og eit assortert utval av kjeks. Ofte blir det òg servert andre typar bakverk som croissantar, brioche og liknande. I tillegg skal det finnast eit utval av glutenfritt bakverk til gjestar med intoleranse og allergi.
  • korn og frøvarer: eit utval av ulike typar frø og korn som havregryn, kli, bokkveite, cornflakes, solsikkefrø, linfrø, graskarkjernar, sesamfrø og liknande
  • mjølketypar: sure og søte typar av skumma mjølk, lettmjølk og heilmjølk. Yoghurt naturell og yoghurt med fruktsmak. Laktosefri mjølk og laktosefri yoghurt. Det bør òg vere eit lite utval av plantebasert mjølk til veganarar og mjølkeallergikarar.
  • syltetøy, marmeladar: jordbær-, bringebær- og blåbærsyltetøy, appelsinmarmelade og liknande
  • tørka frukt og nøtter: rosiner, svisker, aprikosar, banan, hasselnøtter, mandlar, valnøtter, pistasjnøtter, pinjekjernar og liknande
  • jusar og smoothiar: jusar av appelsin, eple og andre typar frukt og grønsaker. Somme stader er det vanleg med smoothiar laga av frukt og bær, eller ferskpressa jus servert som små "fruktshots".
  • fisk: ulike typar fiskepålegg, som oftast av røykt eller graven fisk, sild i ulike variantar, makrell i tomat
  • kjøtt: ulike typar pålegg av både raudt og kvitt kjøtt som skinke, roastbiff, rull, steik, patéar, posteiar og spekepølser av ulike slag
  • grønsaker: skåler med ulike typar salatar og grønsaker ein kan blande sjølv etter ønske, og ferdigblanda salatar med dressing
  • ost: eit representativt utval av ulike ostetypar som blåmuggost, kvitmuggost, ferskost, kittmodna ost og faste/halvfaste ostar, i tillegg til brunost
  • frukt:: eit assortert utval av frisk frukt, anten heil, oppskoren eller som fruktsalat
  • varme eggerettar: kokt egg (blautkokt og hardkokt), speilegg, eggerøre og omelett
  • varmrettar: andre vanlege varmrettar som bacon, små pølser, kjøttbollar, tomatbønner, steikte poteter, steikte tomatar, steikt fisk, havregraut og liknande
  • smør: porsjonspakkar med smør og vegetabilsk margarin
  • andre drikkevarer: kaffi, te og isvatn
Bitar av melon, jordbær og blåbær i ei skål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

Buffé