Hopp til innhald

Fagstoff

Ølhistorikk

I Noreg vart øl sannsynlegvis bryggja for første gong omkring år 1000. I nyare ølproduksjon har tyskarane vore føregangsmenn saman med nederlendarar, belgiarar og danskar. I dag er det stor interesse for lokalbryggja øl.
Tre personar er i gang med å bryggje øl på eit bryggjeri. Foto.

Ølhistorikk

Det blir hevda at øl er den eldste kulturdrikken i verda. Omkring 4000 år f.Kr. vart det bryggja øl i Babylonia (området ved Eufrat og Tigris i dagens Irak). Framgangsmåten for brygginga var enkel, og kvaliteten var det nok òg mykje å utsetje på, då gjæringa kom i gang på grunn av naturleg gjærsopp.

I Midtausten og rundt Middelhavet nytta ein mest bygg og kveite. I Det fjerne austen vart det nytta ris, og afrikanarane laga øl av hirse. På det amerikanske kontinentet vart det laga øl av mais.

Utan reindyrka gjær var det umogleg å oppnå stabil kvalitet. Full kontroll over produksjonen fekk ein først etter at ein rundt 1870 begynte å nytte Louis Pasteur sin metode for pasteurisering, og etter at den danske professoren Emil Chr. Hansen noko seinare klarte å reindyrke gjær. Det var allereie vanleg å tilsetje humle for å gi ølet ein betre og lett bitter smak. I nyare ølproduksjon var tyskarane føregangsmenn saman med nederlendarar, belgiarar og danskar.

I Noreg vart øl sannsynlegvis bryggja for første gong omkring år 1000. Eldre enn ølbrygging i Noreg er kunsten å lage mjød, der råstoffet er honning som er rørt ut i vatn. Ifølgje norrøn mytologi var det guden Odin som lærte oss nordmenn å lage øl, sjølv om det blir påstått at Odin berre drakk vin.

I Gulatingslova er ølbrygging vigd stor merksemd, og det står:

Enno ei ølgjærd har me lova å gjera, husbond og husfru like mykje malt kvar, etter vekt, og signa det jolenatti til takk frå Krist og Sankta Maria til godt år og fred.

Um så ikkje vert gjort, skal det bøtast 3 merker til biskopen. Men om nokon sit soleis 3 vintrar at han ikkje gjer ølgjerdene eller greier dei bøtene som me har lagt på for kristendommen vår, og han vert sannskyldig i det, då har han forbråte kvar penning av godset sitt, det eig kongen halvt, og halvt biskopen.

Bryggjeri

Heimebrygging av øl til privat bruk har vore tradisjon på den norske landsbygda heilt til våre dagar. Framgangsmåten har stort sett vore den same heile tida, og han er eineståande for Noreg.

Det første norske ølbryggjeriet vi kjenner til, vart etablert i 1776 av skipperen Christian Stabell i Christiania (Oslo). I 1837 overtok Christian Schou eit bryggjeri. Han hadde klart å skaffe til vegar ein type gjær som gjorde det mogleg å bryggje såkalla undergjæra øl, som er langt meir haldbart. Noreg var òg det første landet etter Danmark som tok i bruk Emil Chr. Hansen sin metode for reindyrking av gjær.

Reinleikslova

I dei fleste europeiske land måtte ein heilt fram til ganske nyleg halde seg til reinleikslova av 1561 ved brygging av øl. Lova kom frå Bayern og sa at det ikkje var lov å nytte andre ting enn vatn, malt, humle og gjær. Sjølv om lova ikkje lenger gjeld, er det framleis mange bryggjeri som held seg til dette prinsippet, men andre stader nyttar ein òg mellom anna mais og sukker.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Øl