Kombinasjon av mat og øl
Øl finst i fleire ulike typar, frå lyst til mørkt, frå lett til kraftig og dessutan friskt, fyldig, søtt, syrleg og bittert. Det gjer at det er mogleg å kombinere øl med dei fleste matrettar, også kaker og dessertar.
På same måte som vi tenkjer når vi kombinerer mat og vin, tenkjer vi òg her: Ølet må ikkje overdøyve maten, og maten må ikkje overdøyve ølet. Når vi kombinerer mat og øl, er målet å skape balanse og god harmoni. Eit øl som er kraftig på smak, kan dominere heile måltidet viss det blir kombinert med ein lett og sart rett som kyllingfilet. I motsett fall – viss ikkje ølet har same smakskraft som retten – kan smaken av ølet drukne i retten.
Øl inneheld ikkje tannin og kan derfor vere enklare å kombinere med mat enn det vin er. Ølet har nokre eigenskapar som er viktige å tenkje på når vi skal kombinere det med mat.
Eigenskapane til ølet avgjer kva kombinasjonar av øl og mat som fungerer.
Søtleik og aroma
Søtleiken og aromaen i ølet får vi frå maltet. Søtleiken i ølet bør balansere søtleiken i maten. Mat som smaker søtt, bør ha øl med like mykje eller litt meir søtleik for å få den riktige balansen. Øl med mykje søtleik kan òg vere ei fin motvekt mot veldig bitre eller syrlege rettar.
Bitterheit
Bitterheita i ølet kjem frå humlen. Bitterheita er viktig for å gi ølet struktur, og bidreg saman med alkoholen til å reinse munnen etter eit feittrikt måltid.
Bitterstoff forsterkar kvarandre, og bitre rettar bør derfor ikkje kombinerast med svært bittert øl, for då vil totalen bli endå meir bitterheit. Til bitre, syrlege og salte rettar kan vi servere øl med litt søtleik.
Fruktigheit og aroma
Fruktigheita i ølet kjem frå gjæren. Øl kan delast inn i to grupper: overgjæra og undergjæra øl. Den overgjæra er den mest fruktige. Fruktigheita gir ølet ulike smakar. Aromaen kan minne om frukt, bær, nøtter, krydder, gras og så vidare.
Når vi skal finne gode smakskombinasjonar av øl og mat, kan vi prøve å finne likskapar mellom aromaene i ølet og aromaen i maten. Til dømes vil ein hamburgar eller eit stykke grilla kjøt passe bra saman med ein engelsk Brown Ale, for då finn vi litt smak av brent i både maten og ølet.
Kolsyre
Kolsyra er med på å gi ølet friskleik. Dei ulike ølsortane har ulikt innhald av kolsyre, og jo meir kolsyre eit øl inneheld, jo friskare vil det verke. Kolsyra bidreg til å reinse opp i munnen, og er viktig for at ikkje kombinasjonen skal verke tung og slapp. Dei lyse øltypane har gjerne meir kolsyre enn dei mørke øltypane.
Alkohol
Dei ulike øltypane kan ha varierande grad av alkohol i seg. Alkoholen er med på å gi ølet fylde, og bidreg òg til å reinse munnen for feitt. Til kraftig mat kan vi nytte ein høgare alkoholprosent enn til lettare rettar.