Hopp til innhald

Fagstoff

Geleringkost

Geleringkost blir nytta til pasientar med svelgeproblem, pasientar med kreft og til slagpasientar.
Rømmegraut i ei skål med smør, sukker og kanel på toppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Geleringkost

Mat som lèt seg forme, er lettare å ete enn flytande kost. Geleringkost har ei blaut og samanhengande form. Basis i denne kosten er mat med purékonsistens eller flytande konsistens som er justert (gelert) under tillaginga. Døme på slik kost er pudding, gelé, fromasj, grateng utan klumpar, mousse og krem.

Denne kosten skal ha same næringsinnhald som normalkosten. I nokre tilfelle må vi tilsetje ekstra næring for å oppnå dette. Det kan vere ei utfordring å lage variasjon i denne typen kost. For å få gelékonsistens kan ein til dømes mose kjøtt med kjøttkraft til ein flytande konsistens og tilsetje eit tjukningsmiddel som til dømes ThickenUp.

Kvit pudding med raud saus servert i glas. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk av former

I tillaginga kan vi nytte former slik at maten får tilbake den opphavlege forma si. Viss vi til dømes mosar kyllinglår, kan vi legge mosen i former som er forma som eit kyllinglår. Vi kan førebu eit heilt brett om gongen og fryse det vi ikkje skal nytte med ein gong. ThickenUp toler at produktet blir varma opp att. Potetmjøl og gelatin kan òg nyttast som bindemiddel. ThickenUp kan òg nyttast i kaffi, te og jus.

Forslag til dagsmeny

I tabellen under ser du korleis ein variert og næringsrik dagsmeny kan sjå ut.

Frukost

  • 1 porsjon tjukk graut med smør og sukker på
  • 1 glas lettmjølk med ThickenUp

  • 1 glas jus med ThickenUp

Mellommåltid

  • 2 halve skiver brød dyppa i ThickenUp:

    • 1 med leverpostei
    • 1 med smøreost
  • 1 glas kefir med ThickenUp

Lunsj

  • dagens suppe med ThickenUp

  • 1 glas mjølk med ThickenUp

  • kaffi/te med ThickenUp

Middag

  • potetmos
  • grønsakpuré
  • kjøtt/fisk i puddingform
  • saus
  • gelé med vaniljekrem

Kaffi/te

  • kaffi med ThickenUp

  • kaffimat med

    ThickenUp

Kvelds

  • 1 porsjon tjukk graut
  • 1 glas H-mjølk med ThickenUp

  • kaffi/te med ThickenUp

CC BY-NC-SASkrive av Audun Moksheim og Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2020

Læringsressursar

Kost ved ulike diagnosar og tilstandar