Kostråd ved natriumredusert kost
- Salt gir smak til maten.
- Salt framhevar smaken til råvarene.
- Salt er eit konserveringsmiddel som gjer at maten held seg lenger. Til dømes har kjøttkraft utan salt kort haldbarheit.
- Salt er bindemiddel i til dømes deigar og farsar av kjtøt og fisk. Deigar utan salt har dårleg evne til å binde væske ved til dømes speing, og dei kan ikkje speast så mykje som ein vanleg deig.
- Salt er konsistensgivar i mange retter.
På matvaretabellen.no kan du sjekke saltinnhaldet i ulike varer.
Dei fleste reine råvarene inneheld lite salt og kan trygt nyttast, med unntak av mjølk. Mjølk og mjølkeprodukt bør avgrensast til ½ liter per dag inkludert matlaging. Desse råvarene kan trygt nyttast:
- kjøtt og fisk som ikkje er tilarbeidd
- alle frukt, bær og grønsaker
- korn og kornprodukt som er i form av heile korn, mjøl eller gryn
- etefeitt: Alle oljer kan nyttast. Smør og margarin må vere usalta.
Med ein gong vi byrjar å tilarbeide råvarene, blir det som regel meir salt i det ferdige produktet. Det er derfor viktig å starte med reine råvarer og nytte oppskrifter slik at vi har kontroll på saltinntaket.
Korn og kornprodukt
- Industriframstilt brød inneheld mykje salt og må ikkje nyttast. Saltfattig brød kan vi enkelt bake sjølve ved å nytte vanleg brødoppskrift og redusere saltmengda til 1 ts salt per liter deigvæske.
- Grovt mjøl har meir smaksstoff enn fint mjøl, og det er derfor mest føremålstenleg å bake av grovt mjøl. Brødet blir òg meir smaksrikt ved at deigen blir sett på relativt kald deigvæske, og ein bruker lengre tid på heveprosessen.
- Vanleg knekkebrød kan nyttast i kosten.
- Mange føretrekker graut som ein variasjon til brødmåltida.
- Usalta graut smaker ikkje godt, då er det betre å nytte til dømes havregryn med mjølk.
- Usalta kornblandingar kan nyttast.
Etefeitt
Bruk usalta plantemargarin.
Pålegg av kjøtt og fisk
Alt som er oppspedd, salta, spekt og dessutan røykte påleggstypar inneheld mykje salt og må ikkje nyttast.
Kjøtt- og fiskepålegg er fint å lage sjølv. Lag gjerne litt ekstra til middag, som kan avkjølast og nyttast til pålegg, til dømes saltfattig steik.
Sardinar inneheld mykje salt og må ikkje nyttast. Makrell i tomat inneheld litt salt, men kan nyttast på ei halv brødskive per dag.
Ost
Ost inneheld mykje salt, og bruken må avgrensast. 10 gram kvit ost, som er éi skive, kan bytast med 1 dl mjølk og dermed bli nytta kvar dag.
Brunost og prim kan nyttast i avgrensa mengder. Brunost er ikkje tilsett salt, men fordi han er kokt inn og dermed konsentrert, er det noko salt i han.
Cottage cheese er enkelt å lage sjølv og kan tilsetjast smak i form av krydder. Det smaker òg godt saman med fleire råvarer, til dømes syltetøy eller kjøttpålegg.
Andre påleggssortar
Egg, syltetøy og alle ubehandla råvarer av frukt, bær og grønsaker kan nyttast som nøkkelrådskost.
Når ein produserer middagsmåltida, bør ein passe på å nytte tillagingsmetodar som utnyttar og vernar smakane til råvarene maksimalt.
Praktiske matlagingsråd
- Dampkoking, omnsbakt, steiking, grilling og sous vide er metodar som gir god smak til maten.
- Gratengar, samankokte retter (til dømes gryteretter) og panerte retter eignar seg fordi det gir mykje smak til retten frå ulike råvarer.
- Koking i vatn blir ikkje tilrådd, fordi smaksstoff frå råvara blir trekte ut i vatnet.
Saus
- Ta vare på grønsaks- og potetvatn og bruk det i sausen.
- Lag saltfattig kraft av fiske- og kjøttbein og grønsaker. Frys ned kraft i små porsjonar til seinare høve.
- Som jamning kan mosa grønsaker nyttast i staden for mjøl, då dette gir meir smak.
- Bruk friske, tørka urtekrydder og andre krydder (ikkje blandingskrydder tilsett salt).
- Sitron set nesten alltid ein piff på sausen.
- Ulike typar eddik som til dømes balsamicoeddik kan nyttast.
- Kok ut panna med fløyte, rømme, matvin eller sitronsaft og tilset i sausen.
Kjøtt og fisk
For å få meir smak på kjtøt og fisk kan vi med fordel marinere og krydre desse råvarene nokre timar før tillaging.
Ved bruk av ferdige farseprodukt må vi kjenne det nøyaktige saltinnhaldet i produktet. Eigenproduserte farseprodukt vil tilføre maten mindre salt enn ferdigprodukt.
Heil- og halvfabrikata, buljongpulver, kjøttekstrakt, sylteagurk, pickles, kapers, oliven, hermetiske grønsaker, soyasaus, worcestersaus, blandingskrydder med salt, til dømes grillkrydder, MSG, Aromat og liknande. Bakepulver og natron inneheld salt, så ikkje bruk mykje av dette.
Hugs
Kosten kan lagast med ulike mengder natrium, alt etter sjukdomstilstand:
- 5 gram salt per dag
- 2 gram salt per dag
Ikkje tilset salt under tillaging eller på ferdige retter til pasientar som skal ha 2 gram salt per dag.
Natriumredusert kost blir òg kalla saltredusert kost, og nemningane blir nytta om kvarandre i institusjon.