Hopp til innhald

Fagstoff

Kostråd ved energi- og næringstett kost

Her kjem nokre generelle kostråd du kan følgje når du skal lage mat til personar som skal ha energi- og næringstett kost.
Middag med skrei, lever, rogn og smørsaus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Generelle kostråd

Små, appetittvekkjande rettar

Desse pasientane har ofte dårleg matlyst. Det er derfor ekstra viktig å tenkje på at porsjonen skal vere liten, innbydande og gjerne pynta med frukt og grønt.

Ein forrett kan vere ein appetittvekkjar til resten av måltidet.

Dessertar og kaker smaker søtt og godt, og er freistande for mange. Ein fordel er at dei ofte inneheld mykje energi. Dessert kan derfor gjerne inngå i den daglege kosten.

Drikke

På grunn av ulike sjukdomstilstandar vil det i nokre tilfelle vere lettare for pasienten å drikke enn å ete. Mellommåltid kan bestå av ulike typar energidrikkar og shakar, som gjerne kan lagast på huset. Drikkane kan gjerast rikare på næring med til dømes fløyte eller eggeplommer.

Ein bør ikkje servere for mykje drikke til måltida, sidan pasienten då fortare vil kjenne seg mett.

Fire store glas med ulike milkshakar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsrike mellommåltid

Grønsaker og poteter gir stort volum og forholdsvis lite energi, så det er ikkje gunstig å ete mykje av dette i energi- og næringstett kost. Samtidig er det viktig å ete litt frukt og grønsaker dagleg for å få i seg viktige næringsstoff. Stuingar og gratengar som er laga på heilmjølk eller fløyte, gir masse energi og kan med fordel nyttast. Grønsaker set farge på maten og kan vere ein appetittvekkjar for pasienten.

Auk energimengda med fløyte, smør eller olje

I sausar og supper kan du gjerne tilsetje fløyte, smør, olje eller rømme for å auke energimengda. I nokre tilfelle er det òg gunstig å nytte tørrmjølk eller mjølkepulver. I supper kan du òg nytte eggeplommer, noko som dessutan gir ein fin og appetittvekkjande farge.

Meir pålegg, mindre brød

Til brødmåltida bør du nytte feite mjølkeprodukt som drikke, til dømes søt eller sur heilmjølk. Brød gir stort volum og rask kjensle av å vere mett. Reduser derfor brødmengda til det halve, og vel halvgrovt brød. Bruk dobbelt så mykje pålegg som til vanleg for å få opp protein- og energimengda i måltidet. Vel påleggssortar som er feite og energirike, til dømes feite ostar og kjøtpålegg.

Margarin og smør til måltida bør alltid bestå av minimum 80 prosent feitt.

Tre brødskiver ligg på matpapir. Alle har ulike typar pålegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Helsedirektoratet. (2016, 22. desember). Energi- og næringstett kost er beregnet til personer med dårlig matlyst. Henta 24. juni 2021 frå https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/ernaering-kosthold-og-maltider-i-helse-og-omsorgstjenesten/standardkost-i-helseinstitusjoner/energi-og-naeringstett-kost-er-beregnet-til-personer-med-darlig-matlyst

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021

Læringsressursar

Kost ved ulike diagnosar og tilstandar