Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ulike typar tilpassa kost

Fleire kundar/brukarar/pasientar treng tilpassa kost på grunn av sjukdom, allergi eller livsstil. I denne oppgåva skal du få jobbe med mat med tilpassa konsistens.
Erter blir mosa med stavmiksar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Skriv litt om kva endringar du må gjere med mat som skal serverast til personar som treng tilpassa konsistens. Kva inneber dette når du skal lage mat?

Oppgåve 2

Lag ein plan over måltid med tilpassa konsistens. Her skal det vere tilpassa kost til frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Kosten skal vere mest mogleg variert og innehalde både energigivande næringsstoff, vitamin og mineral.

Oppgåve 3

Finn oppskrifter og lag bestilling på råvarer til eit av måltida frå oppgåve 2. Måltidet skal lagast på kjøkkenet og presenterast på ein buffé. Måltidet skal innehalde både mat og drikke.

Presenter måltidet og tilpassingane du har gjort, for resten av klassen. Lat dei få smake.

Tre unge jenter sit saman og et lunsj. På bordet er det brød, pålegg, yoghurt, frukt og grønt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Kost ved ulike diagnosar og tilstandar