Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Råvarekunnskap og kundebehandling

Kundebehandling og råvarekunnskap er viktig for ein ferskvarehandlar. Kundane vil gjerne vite korleis dei skal behandle og nytte råvarene.
Smilande ung kvinneleg ferskvarehandlar hjelper ein kunde over disk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er ei teoretisk oppgåve som du kan levere til lærar ved bruk av Word, PowerPoint eller liknande. Det er mogleg å nytte både tekst og bilete.

Oppgåve 1

Du jobbar som ferskvarehandlar og har mykje kjøtvarer i ferskvaredisken. Når kunden kjem for å kjøpe desse produkta, må du ha kunnskap om kva tillagingsmetodar du kan tilrå for

  • kverna kjøtdeig

  • heil ytrefilet av okse

  • kyllingbryst

  • kotelettar av svin

Kom med forslag til to ulike tillagingsmetodar for kvart av desse produkta, og grunngi valet. Kunden må då få ei grundig innføring i tillaginga frå råvare til ferdig produkt.

Oppgåve 2

Som ferskvarehandlar er det viktig å få kundane til å handle fleire produkt, det kallar vi meirsal.

Gi kunden forslag til tilbehøyr som passar til kjøtrettene, til dømes mettingsgarnityr, grønsaksgarnityr og saus. Tenk gjerne på kva råvarer som er i sesong.

Oppgåve 3

I tillegg til at du må ha råvarekunnskap, er det viktig at du møter kunden på ein positiv måte.

Sjå filmen under der ferskvarehandlaren snakkar om kundebehandling.

Set opp ei liste over korleis du som ferskvarehandlar vil ta imot ein kunde på ein god måte.

  • Korleis vil du starte samtalen med kunden?

  • Korleis bør kroppsspråket ditt vere?

  • Korleis vil du snakke? Høgt eller lågt, raskt eller sakte?

  • Korleis avsluttar du samtalen?

  • Korleis veit du at salssituasjonen har gått bra?

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2021

Læringsressursar

Ferskvarehandlar