Hopp til innhald

Fagstoff

Ferskvarehandlar

Som ferskvarehandlar må du vere glad i mat, like å selje og trivast godt med å omgåast folk.

Ein ferskvarehandlar tilarbeider og sel fisk, kjøt, delikatesser, varmmat, ost, bakarvarer og fiskeprodukt og jobbar som oftast i ferskvaredisken på supermarknader eller spesialforretningar.

Vanlege arbeidsoppgåver

Det er ein del rutineoppgåver, men samtidig er det mykje variasjonar gjennom året med sesongar og merkedagar. Gjennom eit år har du vore gjennom mange ulike sesongar, og kanskje har du både partert heile lam, laga sylte til julefrukost, kokt rogn til mølje, testa ulike julekaker, kokt levande sjøkreps og sett om du kjenner forskjell på blåmuggost laga på sommarmjølk og vintermjølk. Ingen dagar er like, og ein må halde seg oppdatert på trendar i matvanane til folk.

Arbeidsoppgåvene består i tillaging og tilarbeiding av råvarer for sal og betening av kundar. Andre arbeidsoppgåver kan vere innkjøp, varebestilling og prisutrekning av produkt. Jobben gir god kunnskap om trygg mat, miljø, berekraftig matproduksjon og matsvinn.

Variert yrke

Dette er eit variert yrke der ein får nytta både kroppen og hovudet. Ein svært viktig del er å lære å tenkje smart, det vi kallar "å drive butikk". Yrket inneber òg ein del tunge løft, så ein bør vere i fysisk god form.

Jobben blir enklare om du er glad i menneske og flink til å kommunisere. Kundane ønskjer ofte råd om råvarer, menyar og tilbehøyr. Med kunnskap om kvalitetsråvarer og kundeservice bidreg ferskvarehandlaren då til at kunden får ei ekstra god matoppleving.

CC BY-SASkrive av Rune Stavrum og Linn Cathrine Michael.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021

Læringsressursar

Ferskvarehandlar