Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Legg opp ein ferskvaredisk

Det er mange ting å tenkje på når ein ferskvarehandlar skal leggje opp ein innbydande disk. Produktplassering og temperatur er noko av det som er viktig.
Sjømat stilt ut i ein ferskvaredisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Sjå filmen og les artikkelen om eksponering i manuelle diskar.

Lag eit samandrag av det du meiner er det viktigaste når vi skal leggje opp ein innbydande ferskvaredisk med eit breitt innhald av produkt.

Oppgåve 2

Sjå filmen og les artikkelen om internkontroll mat ferskvaredisk.

Lag eit samandrag av det du meiner er det viktigaste med tanke på

  • IK-mat i ferskvaredisk

  • personleg hygiene når ein jobbar som ferskvarehandlar

Oppgåve 3

Del klassen i tre grupper. Kvar gruppe skal setje seg inn i kvart sitt tema og presentere svara sine for resten av klassen. Presentasjonen kan innehalde både bilete og tekst.

  • Gruppe 1 skal finne fiskeprodukt som passar i ein ferskvaredisk

  • Gruppe 2 skal finne kjøtprodukt som passar i ein ferskvaredisk

  • Gruppe 3 skal finne produkt som er tilbehøyr til kjøt- og fiskeprodukt som passar i ein ferskvaredisk

Produkta kan vere ferske råvarer, tillaga råvarer eller ferdige rettar klargjorde for oppvarming.

Oppgåve 4

Kvar gruppe skal så velje ut fem av produkta frå oppgåve 3 og klargjere dei for plassering i ferskvaredisken. Gruppene må samarbeide om å setje saman ein innbydande ferskvaredisk som er lagd opp på riktig måte med tanke på produktplassering, temperatur og så vidare.

Alle produkta skal vere merkte og emballerte på riktig måte.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2021

Læringsressursar

Ferskvarehandlar