Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lær elevane syntaks med lappemetoden

"Lappemetoden" er ein metode som blir brukt for å lære elevar med norsk som andrespråk korleis dei kan plassere setningsledd i riktig rekkefølge. Fargar, visualisering og taktile arbeidsformer er nøkkelord når du jobbar med lappemetoden. Her kan du lese om metoden og finne oppgåver til elevane dine.
Ei setning med subjekt, to verb, setningsadverbial og adverbial. Eksempelsetning: "Eg kan ikkje dra no". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er lappemetoden?

Lappemetoden er ein velbrukt metode for å lære elevar med norsk som andrespråk reglane for norsk syntaks. Det er tre viktige prinsipp i metoden:

  1. Visualisering kan gjere grammatiske reglar enklare å forstå. Lappemetoden bruker fargar.

  2. Fargane kan ikkje berre lette forståinga, men òg gjere det lettare å hugse reglane når eleven snakkar eller skriv.

  3. Lappemetoden er ei taktil arbeidsform. Elevane skal ikkje skrive på eit ark eller ein pc eller fylle inn ord. I staden skal dei flytte rundt på fysiske lappar.

Lettare å forstå og hugse

Mange elevar som skal lære norsk, synest det er vanskeleg å forstå og hugse på kvar dei ulike setningsledda skal stå. Derfor vil du ofte sjå setningar som "I dag ho skal gå til byen". Eleven plasserer verbalet på tredjeplass og bryt med det V2-regelen.

Men bruker du lappemetoden, kan du hjelpe eleven ved å seie: "Hugs at oransje alltid skal på andreplass." Vi bruker alltid den sterke oransjefargen på verbalet, sidan nettopp dette setningsleddet ofte blir plassert feil i setningar.

Setningsledd i det norske språket: subjekt, verbal, objekt og adverbial. Eksempelsetningar: "Adam et pizza i dag" og " I dag et Adam pizza". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samarbeid og diskusjon

Lappemetoden er ein super måte å skape samarbeid og diskusjon på. Del lappane ut til elevar som sit i par eller grupper og be dei lage setningar. Det er gode sjansar for at du høyrer dei bruke fagomgrep og diskutere syntaks på denne måten: "Nei, han kan ikkje ligge der. Det er oransje – verbalet. Det skal på andreplass." Eller: "Nei, den må vi flytte. Det er jo eit lilla setningsadverbial. Det skal alltid etter den oransje – verbalet."

Setningsledd: subjekt, verbal, setningsadverbial og adverbial. Eksempelsetningar: "Eg drar ikkje no" og "No drar eg ikkje". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under finn du lenker til oppgåver du kan bruke i klasserommet. Alle oppgåvene har vedlegg du skal skrive ut, slik at du kan klippe ut setningsledd. Du vil òg finne vedlegg som gir deg høve til å skrive ut tomme boksar, så du eller elevane kan skrive inn ord sjølv.

Nivå 1: Lag enkle heilsetningar med lappemetoden

Nivå 2: Lag heilsetningar med to verbal med lappemetoden

Nivå 3: Lag heilsetningar med setningsadverbial med lappemetoden

Nivå 4: Lag spørjesetningar med lappemetoden

Nivå 5: Lag leddsetningar med lappemetoden

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.02.2024

Læringsressursar

Idéutvikling og kreative metodar