Hopp til innhald

Fagstoff

Moodboard

Når ein idé skal bli presentert, er det godt å ha visuelle hjelpemiddel å støtte seg til. Moodboards fungerer spesielt godt tidleg i
idéutviklingsfasen. Det hjelper til med å skaffe seg sjølv og gi andre eit visuelt inntrykk av ideen.
Person står med ryggen til og studerer eit moodboard. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å lage moodboard er ein ganske rask arbeidsmetode du eller de kan bruke for å beskrive eit visuelt univers. Dei fungerer som oppslagstavler der du set saman inspirasjon i form av ulike objekt, fargar, former, notat og bilete. Ulike sider og eigenskapar ved ein idé blir sett i samanheng for å gi eit inntrykk av korleis ideen fungerer.

Tenk over

De utviklar til dømes ein idé som skal gjere det enklare for eldre menneske å bu heime så lenge som mogleg.

Kva idé går de for? Kva set de opp i moodboardet for å gi andre eit visuelt inntrykk av ideen?

Alt må underbyggje ideen

Som i anna idéarbeid er det lurt å starte med at «alt er lov». Undervegs blir det som ikkje passar inn forkasta, og de vidareutviklar det beste. Ved hjelp av eit moodboard vil de oppdage kva som fungerer, og kva som ikkje gjer det.

For at eit moodboard skal bli bra, må de gå grundig til verks og sjekke at alt som blir teke med, passar inn og underbyggjer ideen. Viss noko verkar feil eller rart, bør de finne ut kvifor, ta det ut og leite etter ei erstatning.

Layoutprogram, nettverktøy eller klipp og lim

Eit moodboard kan lagast fysisk med klipp og lim, i eit layoutprogram installert på datamaskina, eller i enklare digitale verktøy – òg på mobilen. Hugs at inspirasjon ikkje treng å komme berre frå nettet! Sjå dykk rundt og ta bilete, teikn skisser, bla i magasin og finn visuelt materiale som kan belyse ideen de jobbar med.

Sidan det går raskt å lage eit moodboard, er det ikkje noko i vegen for å lage fleire samtidig og visualisere ulike retningar ideen kan utviklast i.

Personar som lagar moodboard saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2020

Læringsressursar

Idéutvikling og kreative metodar