Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er pedagogisk entreprenørskap?

Du kjenner sikkert til omgrepet entreprenørskap frå før. Men du har kanskje ikkje høyrt om omgrepet pedagogisk entreprenørskap? Pedagogisk entreprenørskap er ein måte å lære på, ein læringsstrategi, som kan brukast i alle fag.
Hus, grønt felt, person som viser til en soloppgang. En gjennomsiktig byggning i flere etasjer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er pedagogisk entreprenørskap?

Pedagogisk entreprenørskap er ein læringsstrategi som består av fleire metodar der eleven aktivt deltek i eiga læring. Det handlar om å kople teori til praksis i læringsprosessane til elevane.

Læringsstrategi

Elevane bruker læringsstrategiar for å organisere si eiga læring, altså for å planleggje, gjennomføre og vurdere eige arbeid for å nå nasjonalt fastsette kompetansemål.

Ein læringsstrategi er ei arbeidsform – ein måte å lære på som ein kan bruke i alle fag og som fremjar heilskap og djupnelæring for elevane. Det er ikkje noko som kjem på toppen av det vi skal gjere i skulen.

Det er seks element som må til for å klassifiserast som pedagogisk entreprenørskap. Desse seks elementa er:

  • samarbeid med lokalsamfunnet
  • prosjektorganisert og tverrfagleg
  • medavgjerd
  • erfarings- og problembasert
  • aktivitet
  • resultatorientert

Desse seks elementa kan sjåast på som byggjesteinar i pedagogisk entreprenørskap og er med på å gi ei forståing for korleis du kan ta i bruk pedagogisk entreprenørskap inn mot elevane si eiga læring.

Fire kompetanseområde

Det er fire entreprenørielle kompetanseområde i skulen. Her kjem det tydeleg fram at pedagogisk entreprenørskap som fenomen består av mange fagområde.

I pedagogisk entreprenørskap er det derfor naturleg med tverrfagleg læringsarbeid der lærarar med ulik fagkompetanse samarbeider med kvarandre og med aktørar utanfor skulen.

Desse er:

Kreativitetskompetanse

Omverdkompetanse

Handlingskompetanse

Personlege ressursar

utforskande

skapande

løysingsorientert

problemløysande

iderik

lokale, nasjonale og globale perspektiv

bruke og byggje nettverk

inkluderande kulturforståing

evne til samarbeid

evne til kommunikasjon

ta initiativ

ta ansvar

villig til endring

utfordre seg sjølv og andre

sjølvtillit

uthald

respekt

sjølvstende

Relatert innhald

Kjelder

Ask, A.S. og Ødegård, I.K.R. (red.) (2014). Entreprenørskap i skole og utdanning. Aktiv, praktisk og meningsfull læring. Kristiansand: Portal Forlag.

Falk-Lundquist m.fl., (2011). Entreprenöriell pedagogik i skolan - drivkrafter för lärare och elever. Umeå: Länstyrelsen Västerbotten

Johansen, V., Skålholt, A. og Schanke, T. (2008). Entreprenørskapopplæring og elevenes læringsutbytte. (Østlandsforskning Rapport nr. 8, 2008). Lillehammer: Østlandsforskning.

Rønning, W., Hodgson, J. og Tomlinson, P. (2013). Å se og bli sett.
Klasseromsobservasjoner av intensivopplæringen av Ny Giv
. Sluttrapport. Bodø: Nordlandsforsking

Skaalvik, E. M. & Skaalvik, S. (2009). Elevenes opplevelse av skolen: sentrale
sammenhenger og utvikling med alder. Spesialpedagogikk 74(8), 36-47.

Teigen, I., Markussen, O. og Meldal, A. (2013). Pedagogisk entreprenørskap i videregående skolar – lærernes fortolkninger i Norge, Sverige og på Island. Master. Universitetet i Nordland.

Ødegård, I.K. og Nøvik, T.V. (2019). Pedagogisk entreprenørskap. Kreativitet,
livsmestring og dybdelæring i skolen
. Oslo: Cappelen Damm Akademiske.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Entreprenørskap