Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lage gode grupper?

I skulen driv mange med gruppe- og prosjektarbeid. Korleis det blir bestemt kven som skal jobbe saman, kan variere veldig. Nokre gonger bestemmer alfabetet, nokre gonger kan elevane velje sjølve, og andre gonger set læraren saman grupper ut frå kva elevar som kan fungere godt saman.

Tharald Lundvall frå Ungt Entreprenørskap Agder fortel at dei har opplevd gode resultat når elevar dannar grupper sjølve, ut frå kva eigenskapar dei har. Han meiner det viktigaste i arbeidet med å setje saman gode grupper er å bevisstgjere elevane på kva rolle kvar og ein av dei har i gruppa.

CC BY-SASkrive av Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022

Læringsressursar

Entreprenørskap