Hopp til innhald

Fagstoff

Entreprenørskap som metode

Gjennom å danne ungdomsbedrifter og utvikle idear til produkt som kan seljast, møter elevane ein skulekvardag som byr på reelle problemstillingar framfor fiktive casar og oppgåver. Vi snakkar med ein lærar og ei ungdomsbedrift om erfaringane deira med entreprenørskap i skulen.

Kva seier læraren om entreprenørskap som metode?

– Det er noko magisk som skjer undervegs, fortel Hege Fjelldal ved Arendal vidaregåande skule. Ho har i 15 år brukte entreprenørskap som metode i opplæringa og er begeistra for den utviklinga ho ser elevane har i løpet av skuleåret.

– Elevane utfordrar seg sjølve på ein heilt annan måte. Dei tenkjer kreativt, ser på samarbeid, tenkjer næringsliv og får bruke teoriar i praksis, seier Fjelldal.

Vi pratar med elevane i ei ungdomsbedrift

Ei av bedriftene vi snakkar med, ønskjer å hjelpe ungdommar til å få betre innsikt i politikk og meir kunnskap om kva dei ulike partia står for. Emma Bjerke Fossnes, Ruth Elise Trommestad, Anne Skjeggedal og Fatima Huseynli planlegg å lage ein app til dette føremålet.

Relatert innhald

Meister er ei enkel øving for å få opp stemninga og få i gang prosessar for idéutvikling. Øvinga eignar seg før de går i gang med å utarbeide idear.

CC BY-SASkrive av Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2020

Læringsressursar

Entreprenørskap