Hopp til innhald

Fagstoff

Ungdomsbedrift som pedagogisk metode

Ungdomsbedrift som pedagogisk metode er ei unik moglegheit for elevar til å starte bedrift innanfor trygge rammer. Det eignar seg òg godt for djupnelæring. Samtidig er arbeidsforma forankra i verdiane i overordna del av læreplanen, spesielt med tanke på å fremje skaparglede og engasjement.
Fire blide jenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor drive ungdomsbedrift?

Noreg treng fleire gründerar, også kalla innovatørar. Ved å la elevar starte ungdomsbedrifter er skulen med på å skape innovatørar. Fleire som tidlegare har hatt ungdomsbedrift, vel å starte opp att bedrifta som aksjeselskap når dei er ferdige på vidaregåande skule. Delen som startar eige firma, er vesentleg høgare blant dei som har drive ungdomsbedrift, enn blant andre.

Fremtidens arbeidsplasser blir skapt av mennesker som tør å ta en sjanse, og som satser på egne evner og ideer. Norge skal være et godt land å starte og utvikle nye bedrifter i. Mange av bedriftene som våre barn og barnebarn skal jobbe i, er ennå ikke etablert. Det er nå vi legger til rette for morgendagens arbeidsplasser.

Monica Mæland, næringsminister

Djupnelæring og praktisk læring

Å ha moglegheit til å utforske og eksperimentere er viktig for djupnelæring. Overordna del av læreplanen presiserer òg at skulen skal la elevane utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong, og la dei få erfaring med å sjå moglegheiter og gjere idear om til handling.

I arbeidet med ungdomsbedrift får elevane moglegheit til å gå i djupna på ulike problemstillingar. Dei bruker teori frå ulike fag i praktiske oppgåver og nyttar dermed kunnskapen sin i nye situasjonar.

Mange elevar opplever fagkunnskapen som meir relevant når dei nyttar han i arbeid med ungdomsbedrift. Det blir viktig for dei med eit godt språk, fordi det er personar utanfor skulen som skal lese det dei har skrive. Mange blir òg motiverte av at det er deira eigne idear som skal setjast ut i livet, og av moglegheita for å tene litt pengar om bedrifta går godt.

Kontakten med næringslivet er òg ein viktig del av det å drive ungdomsbedrift. Elevane lærer kor viktig det er å etablere nettverk, og blir oppmoda til å få hjelp frå ein ekstern mentor.

Korleis drive ungdomsbedrift?

Ungdomsbedrift er eit pedagogisk program i regi av Ungt Entreprenørskap. Alle ungdomsbedrifter skal ha ein lærar på skulen som forankrar arbeidet med programmet i undervisninga. Læraren er òg ansvarleg for at arbeidet går føre seg innanfor dei rammene som er sette:

  • Ei ungdomsbedrift skal etablerast på starten av skuleåret og avsluttast på slutten av skuleåret.
  • Deltakarane i ei ungdomsbedrift er elevar i vidaregåande opplæring.
  • Det må vere minst to elevar i ei ungdomsbedrift.
  • Elevane i ei ungdomsbedrift pliktar å følgje vedtektene for bedrifta.
  • Omsetjingsgrensa for ei ungdomsbedrift er 140 000 kroner gjennom levetida til bedrifta.
  • Ei ungdomsbedrift har i utgangspunktet ikkje lov til å pådra seg gjeld.

Elevane registrerer ungdomsbedriftene sine i Brønnøysundregistera som eigne juridiske einingar via Ungt Entreprenørskap. Kvar ungdomsbedrift får eit unikt organisasjonsnummer så snart bedrifta er registrert. Ungdomsbedrifter som er knytte til Ungt Entreprenørskap, fell inn under definisjonen av velgjerande og allmennyttige institusjonar. Ungt Entreprenørskap samarbeider med Skatteetaten og Brønnøysundregistera og kan tilby eit godt rammeverk, slik at arbeidet går føre seg i lovlege former.



Relatert innhald

Gjennom å danne ungdomsbedrifter og utvikle idear til produkt som kan seljast, møter elevane ein skulekvardag som byr på reelle problemstillingar.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2020

Læringsressursar

Entreprenørskap