Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis utøve pedagogisk entreprenørskap?

Pedagogisk entreprenørskap blir kjenneteikna ved at læring skjer gjennom eigenaktivitet og erfaring. Læring er dessutan eit resultat av felles innsats, ikkje av individuelle aktivitetar.
Grønn bakgrunn, symboler på personer, som sitter, som står, som jobber sammen, som presenterer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Dei seks elementa som utgjer pedagogisk entreprenørskap
  • samarbeid med lokalsamfunnet
  • prosjektorganisert og tverrfagleg
  • medavgjerd
  • erfarings- og problembasert
  • aktivitet
  • resultatorientert
Dei fire kompetanseområda som er verksame
  • kreativitetskompetanse
  • omverdkompetanse
  • handlingskompetanse
  • personlege ressursar

Praktiske døme

La oss starte med nokre praktiske døme først.

Opne oppgåver

Oppgåvene som du gir elevane bør vere opne, der elevane kan dra nytte av erfaringane sine og tankar i kombinasjon med ny kunnskap. Det vil seie DU- oppgåver, som er kopla til elevane sine eigne erfaringar og livsverd, i motsetning til DET-oppgåver, som er tradisjonelle faktaoppgåver der elevane ikkje blir kjenslemessig involverte.

Slike opne oppgåver kan vere:
Vel ein dag neste veke der du skal leve mest mogleg miljømedviten. Korleis vil du beskrive denne dagen?

Eller:
Du har fått i oppdrag frå eit reisebyrå å marknadsføre ditt engelsktalande favorittland for nye reisande som aldri har vore der og som ikkje veit noko om landet. Bruk fantasien og kreativiteten din til å beskrive landet.

Gi utfordringar

Du kan òg gi elevane ulike utfordringar. Ei slik utfordring kan vere å be elevane presentere eit innovativt konsept, produkt eller teneste som gir ei berekraftig løysing på ei utfordring verda står overfor. Løysinga skal bidra til å løyse minst to av FNs berekraftsmål.

Ei anna utfordring kan vere å lage kreative og konkrete konsept for å få nye brukarar ut i natur og friluft.

Elevane kan òg utfordrast til å finne nye, innovative løysingar som kan brukast til å marknadsføre heimstaden sin for utanlandske turistar.

Dialogkafé

Dialogkafé er ein måte å dele idear og oppmuntre til samarbeid. Ein kan òg bruke dialogkafé som metode som ei oppsummering etter at ein har gjennomgått eit tema.

  1. Rommet blir sett opp som ein kafé med småbord (4–6 deltakarar), og noko å ete og drikke. På borda er det eit stort papir, og på det står det eit spørsmål.
  2. Ein ved kvart bord skriv ned dei tankane som dukkar opp undervegs i samtalen. Etter 10 til 20 minutt byter alle deltakarane grupper, unntatt ein som blir sitjande.
  3. Når dei nye gruppedeltakarane kjem til bordet, forklarer den som sit igjen kva den første gruppa har komme fram til, og dei nye kjem med nye idear og perspektiv.
  4. Deretter byter ein bord til alle har vore rundt.

Den entreprenørielle arbeidsprosessen

Den entreprenørielle arbeidsprosessen består av fire fasar: førebuingsfasen, researchfasen, gjennomføringsfasen og presentasjonsfasen. La oss sjå litt nærare på desse fasane.

Prosessen kan vere iterativ, det vil seie at han kan gjentakast frå starten ved at elevane bruker tilbakemeldingane og erfaringane frå første runde til å gjere endringar på ideen eller produktet.

A) Førebuingsfasen

I denne fasen blir elevane kjende med læringsmål, kva for nokre tverrfaglege tema som inngår og overordna kriterium for læringsresultatet. Det blir opna for nyfikne og medavgjerd, forkunnskapar blir aktiverte og du koplar læringsmåla til referansepunkt i “det verkelege livet”. Ideutvikling er viktig, og du utfordrar elevane til å sjå mange moglegheiter og utveksle idear. Her kan dialogkafé brukast.

B) Researchfasen

I denne fasen går elevane i gang med å skaffe seg den innsikta dei treng for å oppnå læringsmåla sine, og dermed kunne lage læringsresultatet dei har bestemt seg for. Her inngår kjeldeval og førebuing av det praktiske arbeidet. Bøker, digitale læremiddel og ressursar utanfor skulen kan vere grunnlag for teorien. Tilbakemeldingane dine og frå medelevar (VfL) er viktig i denne fasen og det blir gjort mogleg ved deling og innspel.

C) Gjennomføringsfasen

I denne fasen arbeider elevane med å ferdigstille læringsresultatet sitt. Elevane nyttar den kompetansen (kunnskap, evner og forståing) dei har tileigna seg i researchfasen. Også i denne fasen er tilbakemeldingane frå deg og medelevar viktige (VfL).

D) Presentasjonsfasen

I den siste fasen skal læringsresultata visast fram. Her forklarer dei korleis dei har jobba med læringsmåla og kva dei har lært undervegs i læringsprosessen ved å presentere læringsresultata for medelevar og andre.

Korleis lykkast?

Korleis kan du som læraer lykkast med å ta i bruk pedagogisk entreprenørskap? Her er nokre suksessfaktorar som kan hjelpe deg. Ved å ta i bruk dei ulike suksessfaktorane med jamne mellomrom, vil elevane få utvikla alle kompetanseområda. Desse suksessfaktorane er viktige pedagogiske aspekt ved pedagogisk entreprenørskap.

Prosessorientert læringskultur

Pedagogisk entreprenørskap byggjer på ein prosessorientert læringskultur der utgangspunktet er evnene til elevane, interesser og evnenivå. Samtalen er viktig, og læringa blir konstruert i dialog med andre. Elevane er aktivt deltakande, og du som lærar organiserer, rettleier, stimulerer og formidlar.

I staden for å styre læringa, er oppgåva di som lærar å fasilitere, å leggje til rette for, læring. Her gjeld det å finne balansen mellom å drive prosessen framover og ta eit steg tilbake og la elevane lære av sine eigne feil.

Relevans, trivsel og elevmedverknad

Det er tre faktorar som pregar didaktikken i entreprenøriell undervisning og læring.

  • aktivitet – her er det snakk om aktivitet i å utføre og i form av å initiere og utvikle. Det er viktig at aktivitetane blir opplevde som relevante for elevane. Det blir gjort ved at ein tek utgangspunkt i noko som er attkjenneleg for elevane ut frå erfaringar og eksisterande kunnskap.
  • autentisitet – det betyr at ein forankrar læringsaktiviteten til verkelegheita til elevane og gjennom det gir elevane moglegheit til relevant erfaring.
  • god atmosfære i læringsmiljøet – det er eit læringsmiljø der elevane og læraren har tillit til kvarandre. Du som lærar gir rom for å feile og “ser” den enkelte eleven.

Bruk av ressursar utanfor skulen

For at læring skal vere relevant og verkelegheitsnært, må elevane bli involverte og læreprosessane bli knytte til “det verkelege livet” i alle fag. Det er derfor naturleg at ein involverer personar og instansar utanfor skulen.

Tverrfaglegheit og djupnelæring

Det er viktig for læringsarbeidet at vi arbeider på tvers av faggrenser. Tverrfaglegheit gir grunnlag for ei betre forståing av samanhengen mellom fag for elevane og gir grunnlag for djupnelæring. Ein godt start her kan vere å ta utgangspunkt dei tre tverrfaglege temaa i dei nye læreplanane.

Læring i ein sosiokulturell kontekst

Sidan samarbeid og kommunikasjon er sentrale suksessfaktorar i pedagogisk entreprenørskap, er det naturleg at læringsarbeidet skjer i ein sosiokulturell kontekst, både i og utanfor klasserommet.

Kreativitet og utforskande arbeidsmetodar

Eit av måla med pedagogisk entreprenørskap er å utvikle evnene elevane har til å tenkje nytt, kunne sjå moglegheiter og prøve ut nye løysingar. Det er derfor viktig at elevane får moglegheit til å bruke kreativiteten sin og utforskartrong i læringa. Dette blir gjort ved å bruke kreative metodar for ideutvikling og ved å leggje til rette for utforskande arbeidsmetodar.

Å skape eigne læringsresultat

Kompetansen til elevane er i fokus i pedagogisk entreprenørskap. Det vil seie kva elevane skal sitje igjen med av kunnskap, evner og forståing etter arbeid med læringsmåla sine. Desse kompetansane endar opp i eit læringsresultat – verdiskaping – eit produkt. Dette læringsresultatet bør presenterast for andre og gjerne kunne brukast og vere til nytte for andre.

Fokus på undervegsvurdering (formativ vurdering) – VfL

Læringsprosessen fram til ferdig resultat er vel så viktig som sjølve læringsresultatet. Derfor er den formative vurderinga undervegs (Vurdering for Læring – VfL) viktig. Det gjeld både eigenvurdering, medelevvurdering og tilbakemeldingane dine.

Bevisstgjering av bruk og utvikling av entreprenørielle kompetansar

Læringsmåla i faga står sentralt, og i pedagogisk entreprenørskap blir dei entreprenørielle kompetansane nytta for å nå desse. Derfor er det viktig at du legg til rette for å bevisstgjere elevane på verdien av å bruke desse kompetansane for å nå sosiale og faglege resultat. Denne bevisstgjeringa gjer det lettare for elevane å bruke desse kompetansane i kvardagen, og dei vil trenge dei i framtida.

Kjelder

Ask, A.S. og Ødegård, I.K.R. (red.) (2014). Entreprenørskap i skole og utdanning. Aktiv, praktisk og meningsfull læring. Kristiansand: Portal Forlag.

Falk-Lundquist m.fl., (2011). Entreprenöriell pedagogik i skolan - drivkrafter för lärare och elever. Umeå: Länstyrelsen Västerbotten

Johansen, V., Skålholt, A. og Schanke, T. (2008). Entreprenørskapsopplæring og elevenes læringsutbytte. (Østlandsforskning Rapport nr. 8, 2008). Lillehammer: Østlandsforskning.

Rønning, W., Hodgson, J. og Tomlinson, P. (2013). Å se og bli sett.
Klasseromsobservasjoner av intensivopplæringen av Ny Giv.
Sluttrapport. Bodø: Nordlandsforskning

Skaalvik, E. M. & Skaalvik, S. (2009). Elevenes opplevelse av skolen: sentrale
sammenhenger og utvikling med alder. Spesialpedagogikk 74(8), 36-47.

Teigen, I., Markussen, O. og Meldal, A. (2013). Pedagogisk entreprenørskap i videregående skoler – lærernes fortolkninger i Norge, Sverige og på Island. Master. Universitetet i Nordland.

Ødegård, I.K. og Nøvik, T.V. (2019). Pedagogisk entreprenørskap. Kreativitet,
livsmestring og dybdelæring i skolen.
Oslo: Cappelen Damm Akademiske.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Entreprenørskap