Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stille diskusjon om psykisk helse

Alle har ei psykisk helse. Reflekter over ulike sider ved den psykiske helsa vår gjennom ein stille diskusjon. Skriv ned dykkar eigne tankar om temaet og les tankane andre har skrive ned.
Hender som skriv på tusjtavle med svart, blå og raud tusj. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stille diskusjon om psykisk helse

I denne oppgåva skal de gjennomføre ein stille diskusjon. De skal reflektere over ulike sider av psykisk helse utan å snakke med kvarandre.

Førebuing

  • Del klasserommet inn slik at de har 12 ulike bord.

  • På kvart bord skal det ligge eit refleksjonsspørsmål. Sjå forslaga under.

  • Alle som deltek må ha kvar sin penn – gjerne i litt ulike fargar.

Forslag til refleksjonsspørsmål

Forslag til refleksjonsspørsmål:

  1. Kva er psykisk helse?

  2. Kva vil det seie å ha god psykisk helse?

  3. Kva vil det seie å ha dårleg psykisk helse?

  4. Kva er samanhengen mellom fysisk og psykisk helse?

  5. Kvifor kan det vere vanskeleg å snakke om psykisk helse?

  6. Kvifor kan det vere lettare å snakke om psykisk helse i dag enn tidlegare?

  7. Kvifor kan det av og til vere vanskeleg å ta vare på den psykiske helsa?

  8. Kva kan du sjølv gjere viss du har det vanskeleg?

  9. Kva trur du skulen kan gjere for å fremme den psykiske helsa til elevane?

  10. Kva trur du samfunnet kan gjere for at vi skal få betre psykisk helse?

  11. Kva kan du gjere viss du har ein venn som har det vanskeleg?

  12. Kor ofte bør du stille opp for ein venn som har det vanskeleg? Kvifor?

Gjennomføring

  • Gå rundt i rommet og les spørsmåla på arket utan å snakke med kvarandre.

  • Når de har tenkt ut eit svar på eit av spørsmåla, skriv det ned på arket.

  • Les igjennom dei tidlegare svara når de kjem til eit nytt spørsmål.

  • Kommenter gjerne svara frå dei andre elevane. Er de einige eller ueinige? Kvifor?

  • Forsøk å skrive noko ned på alle spørsmåla. De kan skrive fleire svar på kvart ark viss de har lyst til å kommentere nokon andre sine svar.

Oppsummering

Gå gjennom eit og eit spørsmål og diskuter svara i felleskap. Start gjerne med dei arka som har flest svar. De kan gjerne sitje i ein hestesko når de oppsummerer.

Diskuter til slutt:

  • Kom det fram noko de ikkje har tenkt på før?

  • Var det noko som var vanskeleg å svare på? Eventuelt kvifor?

  • Kva vil de gjerne lære meir om? Kvifor?

  • Kvifor er det viktig å snakke om psykisk helse?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2023

Læringsressursar

Psykisk helse