Hopp til innhald

Fagstoff

Einsemd

Mange unge kjenner på einsemd, men ikkje så mange snakkar om det. Kva er eigentleg einsemd? Korleis påverkar einsemd oss, og kva kan vi gjere med det?
Ein person står på eit svaberg og ser utover havet. Skyer sprekk opp på himmelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Einsemd under koronapandemien

Under koronapandemien har temaet einsemd blitt endå meir aktuelt. Vi kan ikkje vere saman med dei vi liker å omgåast, og vi har måtta vere meir heime. Med meir heimeskule og mindre fritidsaktivitetar har ungdom òg mista viktige arenaer for å vere saman. I media les vi om unge som fortel om mykje aleinetid og kjensla av å vere einsam. Men kva betyr det eigentleg å vere einsam, og korleis påverkar einsemd den psykiske helsa vår?

Kva er einsemd?

Å vere ein del av ein felleskap er viktig for alle menneske. Vi kan seie at biologien krev det, som om vi er programmerte til å vere knytte til andre menneske for å overleve og utvikle oss. Når vi ikkje kjenner oss som ein del av flokken, kan det føre til einsemd.

På same tid er det slik at mange føretrekkjer å vere mykje aleine, utan at dei kjenner seg einsame. Dette handlar både om kulturelle forskjellar og forskjellar i personlegdommen vår. Å vere aleine er altså ikkje det same som å vere einsam. Vi skil gjerne mellom det å vere frivillig og ufrivillig aleine. Å vere ufrivillig aleine kjennest ofte som einsemd og handlar om ei form for sakn etter nærleik og tilhøyrsel.

Vi treng å føle oss viktige for nokon for å ha det bra med oss sjølv. At det er nokon som ser oss, forstår oss, lyttar til oss og er glade i oss akkurat som vi er. Når dette manglar, kan vi kjenne på einsemd. Det er derfor vi kan føle oss einsame òg når vi er saman med andre. Vi har menneske rundt oss, men vi opplever ikkje at vi er nær dei. Dette kan vi kalle psykologisk einsemd.

Når einsemd blir eit problem

Opplevinga av einsemd er noko alle menneske kan kjenne på innimellom. Det er heilt normalt. Men kjensla av einsemd kan òg vere meir langvarig og skape problem for oss.

Somme gonger er det sjølvkjensla vår som fører til at vi trekkjer oss unna andre menneske eller ikkje tør å vise kven vi eigentleg er. Det kan handle om at vi ikkje føler oss gode nok for andre, ei frykt for å bli avviste, eller at vi har vonde erfaringar med andre menneske. Alt dette kan gjere det vanskeleg å danne gode, nære relasjonar – noko som igjen kan føre til einsemd.

Langvarig einsemd kan gå utover helsa vår både fysisk og psykisk, og det påverkar livskvaliteten vår. Opplevinga av einsemd over tid kan føre til at vi føler oss nedstemde og usikre i møte med andre menneske, og for somme kan det føre til psykiske plager. Men denne samanhengen kan òg gå andre vegen: Viss vi har psykiske plager, kan det hende vi trekkjer oss unna andre menneske. Dette kan igjen forsterke opplevinga av einsemd. For å få det betre må vi derfor prøve å bryte denne vonde sirkelen, anten på eiga hand eller med hjelp frå andre.

Å snakke med nokon du er glad i eller stoler på, kan hjelpe på kjensla av å vere einsam. Ved å setje ord på tankane og kjenslene dine kan det kjennast mindre tungt. Kanskje vil du òg kjenne på at du ikkje er aleine, at det er nokon som bryr seg om deg.

Viss du opplever einsemd som følgje av utestenging eller mobbing, er det viktig at du snakkar med ein lærar eller ein annan vaksenperson du er trygg på. Du kan òg kontakte mobbeombodet eller elev- og lærlingombodet i fylket ditt.

Ein elev lener seg mot eit bokskap og ser bort på fire andre ungdommar som står litt lenger borte og snakkar og ler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva kan du gjere sjølv for å bli mindre einsam?

Det kan kjennast vanskeleg å prøve å gjere noko med einsemda på eiga hand. Dette kan kome av at det å vere einsam ofte er forbunde med skam i kulturen vår, og at det krev ei endring av oss i korleis vi er overfor andre. Det kan likevel vere verd eit forsøk å få meir eller betre kontakt med andre.

Er det nokon du gjerne skulle hatt meir eller betre kontakt med som du kan oppsøkje? Kanskje du kan invitere hen til å gå ein tur, ta ein kaffi eller berre ta ein prat? Det første steget er ofte det vanskelegaste. Vi blir redde for at den andre skal seie nei eller kanskje ignorere oss. Dette kan skje, og viss vi har mange negative erfaringar med avvising, er det naturleg å kjenne på frykt for ny avvising. På same tid må vi somme gonger ta sjansen og utfordre oss sjølv viss vi skal kome meir i kontakt med andre.

Jente på moped snakkar med ei anna jente som held ein mopedhjelm i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å ha éin eller fleire gode, trygge relasjonar kan gjere oss mindre einsame. Men for verkeleg å bli kjende med kvarandre må vi òg investere i relasjonen. Dette betyr at vi byr på oss sjølv og tør å vere sårbare. Vi må tore å vise kven vi er, anten det er gjennom å uttrykkje meiningar, haldningar, tankar eller kjenslene våre. Ved å vise kven vi eigentleg er, gir vi andre moglegheita til å bli ordentleg kjende med oss, forstå oss og anerkjenne oss.

Om du ønskjer å kome i kontakt med nye menneske, kan ei moglegheit vere å oppsøkje ei gruppe eller ein fellesskap med same verdiar, interesser eller meiningar som deg sjølv. Dette kan til dømes vere eit idrettslag, eit trussamfunn, ein frivillig organisasjon eller interessegruppe. Sannsynet er stort for at du vil møte nokon som er opptekne av det same som deg, noko som gjer det lettare å kome i kontakt.

Ei jente viser noko på mobiltelefonen sin til ein gut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Felles ansvar

Det er ikkje alltid synleg kven som er einsame. Dette kan kome av at terskelen for å snakke ope om einsemd, er ganske høg for mange. Kanskje det er fordi vi oftare deler oppturane i livet enn det som er vanskeleg.

Vi har alle eit ansvar for å skape eit samfunn der folk ikkje føler seg einsame. Å seie hei til dei rundt deg og inkludere folk i samtalar og på sosiale medium, kan ha stor effekt på einsemda til nokon – også di eiga.

I 2021 er temaet for Verdsdagen for psykisk helse å vere merksame etter og under ein pandemi. Vi må vere til stades og følgje kvarandre opp.

Denne artikkelen er skriven av Skuleprogrammet VIP.

Relatert innhald

Kjelder

Folkehelseinstituttet (2015, 11. mai) Fakta om sosial støtte og ensomhet. Henta frå https://www.fhi.no/fp/psykiskhelse/psykiskelidelser/sosial-stotte-og-ensomhet---faktaar/

Hørthe, E. (2021, 19. januar) Ensomhetens språk. Psykologi.no. Henta frå https://psykologisk.no/2019/12/ensomhetens-sprak/

Nes, R.B., Aarø, L.E., Vedaa, Ø. & Nilsen, T.S. (2020, 17. desember)
Livskvalitet og psykisk helse under koronaepidemien november - desember 2020. Folkehelseinstituttet. Henta frå https://www.fhi.no/div/helseundersokelser/fylkeshelseundersokelser/livskvalitet-og-psykisk-helse-under-koronaepidemien--nov-des-2020/



CC BY-SASkrive av Kristin Garaas Løchen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2021

Læringsressursar

Psykisk helse