Hopp til innhald

Fagstoff

Videoar og podkastar om psykisk helse

Her har vi samla korte videoar som handlar om psykisk helse. Under videoane og podkasten er det lenker til relevante artiklar og oppgåver. Filmane, oppgåvene og artiklane er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Film: Psykiske plager og psykiske lidelser

I filmen forklarer psykolog Camilla Øien kva som kjenneteiknar psykiske plager, og kva som kjenneteiknar psykiske lidingar. Vi får òg høyre kva elevar ved Lørenskog videregående skole tenker rundt temaet.

Artikkel: Kva er psykisk helse?

Oppgåver: Psykiske plager og psykiske lidingar

Film: Følelser og følelsesregulering

I denne filmen forklarer psykolog Camilla Øien kva kjensler er, og korleis du kan regulere kjensler på positive og negative måtar. Vi får òg høyre kva elevar ved Lørenskog videregående skole tenker om kjensleregulering.

Artikkel: Kjensler og kjensleregulering

Oppgåver: Korleis regulere kjensler?

Film: Hvordan være en god venn for noen som har det vanskelig?

I filmen forklarer rådgivar i VIP Psykisk helse i skolen, Jorid Bakken Steigum, korleis vi kan vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg. Vi får òg høyre korleis elevar ved Lørenskog videregående skole tenker at vi kan støtte venner som slit.

Oppgåver: Korleis vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg?

Film: Korleis veit vi at ein relasjon ikkke er bra for oss?

I filmen fortel psykolog Camilla Øien kva som kjenneteiknar gode og dårlege relasjonar. Vi får òg høyre kva elevar ved Lørenskog videregående skole tenker om temaet, og kva du kan gjere viss du er i ein dårleg relasjon.

Oppgåver: Korleis veit vi at ein relasjon ikkje er bra for oss?

Film: Minoritetsstress

I filmen forklarer rådgivar i VIP Psykisk helse i skulen, Jorid Bakken Steigum, kva minoritetsstress er, kva konsekvensar det kan ha, og kva du kan gjere viss du opplever det. Vi møter òg tre unge vaksne som fortel om opplevingane sine med minoritetsstress.

Artikkel: Minoritetsstress

Oppgåver: Minoritetsstress

Film: Psykisk helse som tema i tv-serien Rådebank

I filmen fortel regissør Daniel Fahre og manusforfattar Linn-Jeanethe Kyed kvifor og korleis dei valde å tematisere psykisk helse i tv-serien Rådebank.

Oppgåver: Psykisk helse i Rådebank

Podkast: Hva vet jeg? "Psykisk helse"

I podkasten snakkar psykolog Magnus Nordmo med komikar Jonis Josef om psykisk helse. Dei diskuterer mellom anna kva psykisk helse er, og korleis vi kan ta vare på vår eiga og andre si psykiske helse.

Mann med svart krøllete hår og skjegg poserer framfor eit mikrofonstativ. Foto.
Kva veit eg?

Psykisk helse

Psykolog Magnus Nordmo snakkar med Jonis Josef om psykisk helse. Dei diskuterer mellom anna kva psykisk helse er, og korleis vi kan ta vare på vår eiga og andre si psykiske helse.

0:00
-0:00

Oppgåver: Kva veit eg? "Psykisk helse"

Filmane, artiklane og oppgåvene på denne sida er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2023

Læringsressursar

Psykisk helse