Psykisk helse i Rådebank - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Psykisk helse i Rådebank

Den norske suksesserien Rådebank fokuserer på psykisk helse. Serien handlar om unge rånarar i Bø i Telemark og tematiserer fleire ulike psykiske utfordringar blant ungdommar i dag.
Video: Jarle Sten Olsen / Avgrensa bruksrett

Oppgåve 1. Psykisk helse i Rådebank

Sjå filmen over og svar på spørsmåla:

  1. Kvifor trur de det er så vanskeleg for Robert Nilsen å fortelje om problema sine til vennen Glenn-Tore?

  2. Kvifor trur de Robert vel å fortelje om problema sine til Glen Tore?

  3. Kva synest de om måten Glenn-Tore prøver å hjelpe Robert på?

  4. Er det vanskelegare for gutar enn for jenter å snakke om psykisk helse? Kvifor? / Kvifor ikkje?

  5. I serien reagerer Hege på sjølvmordet til vennen på ein annan måte enn dei andre. Kvifor trur de vi reagerer så ulikt når vi møter psykiske utfordringar?

  6. Korleis kan seriar som Rådebank hjelpe dei som har, eller kjenner nokon som har, psykiske utfordringar?

  7. Ifølge filmen kan vi redusere sjølvmord blant unge menn viss fleire lærer seg å handtere kjærleikssorg, økonomisk usikkerheit og det å leve heilt vanlege liv. Kvifor trur de at desse utfordringane kan vere spesielt vanskelege å takle for mange gutar?

Oppgåve 2. Utforsk temaet psykisk helse i Rådebank

Vel ein sesong eller ein episode av Rådebank. Sjå han først, og så bruker de han til å reflektere over psykisk helse.

Tips til sesongar og episodar de kan jobbe med :

Tips til spørsmål de kan jobbe med:

  • Kva psykiske utfordringar møter ungdommane?

  • Kor vanleg er det å møte på slike utfordringar i dei miljøa de kjenner til?

  • Korleis vel ungdommane å løyse utfordringane?

  • Reflekter over måten ungdommane i serien valde å løyse utfordringane sine på. Løyste dei dei på ein god eller dårleg måte? Kva blei konsekvensane av valet deira? Kva kunne dei ha gjort annleis?

Treng du nokon å snakke med?

Viss du har sjølvmordstankar, eller kjenner nokon du er bekymra for, er det viktig å oppsøke profesjonell hjelp. Ved akutt fare for sjølvmord må du alltid ringe 113.

Hjelpetelefonar og chattetenester:

Mental helse: Hjelpetelefonen

Raudekrossen: Snakk med Kors på halsen

Kirkens SOS: Trenger du noen å snakke med?

Hjelp på skulen og utanfor skulen:

Artikkel: Kven kan du snakke med på vidaregåande skule?

Artikkel: Kven kan du snakke med utanfor skulen?

Skrive av Karl Henrik Aanesen og Eivind Zakariassan.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2023