Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis kan eg ta vare på den psykiske helsa mi?

Det er mykje som påverkar korleis du har det. Noko av dette har du ikkje moglegheit til å endre på aleine. Likevel finst det mykje vi kan gjere for den psykiske helsa vår, akkurat som den fysiske.
Ungdom dansar på gata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjensler og tankar påverkar kvarandre

Kjenslene våre er viktige for oss fordi dei seier noko om kva vi treng. Vi kan ikkje styre kjenslene våre, men vi kan trene på å forstå dei og handtere dei. Kva vi tenkjer, påverkar kjenslene våre – akkurat som korleis vi har det – kan påverke korleis vi tenkjer. På den måten hengjer tankar og kjensler saman. Å bli meir bevisst sine eigne tankar og kjensler kan vere god hjelp for å ha det bra med seg sjølv.

Ein måte å sortere tankane på er å spørje seg kva tankar som får deg til å føle deg bra, og kva for nokre av dei som gjer vondt verre. Her er eit døme:

Sjå for deg at du inviterer ein ven til å bli med deg heim etter skulen og hen seier nei. Då kan det vere lett å tenkje at hen ikkje har lyst, eller kanskje til og med at hen ikkje liker deg. Dette kan få deg til å føle deg både trist og skuffa. Men det kan jo like gjerne hende at venen din hadde andre planar. Tenkjer du heller dette, vil du sannsynlegvis føle deg betre. Dømet viser at det finst mange måtar å tenkje på og tolke situasjonar, og at tankane våre påverkar korleis vi føler oss.

Dei positive tankane er ofte meir konstruktive for oss. Det betyr at dei hjelper oss med å løyse problem og handtere det som skjer. Det betyr ikkje at målet er å vere glade og positive heile tida, eller at ein gjer ein dårleg jobb viss ein har mørke tankar og tunge dagar. Poenget er derimot at viss vi øver på å sjå det som er bra i livet, så kan vi bli betre på å meistre det som er vanskeleg.

Gut sit på sykkel og tekstar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugs at negative tankar og kjensler òg kan vere nyttige, fordi dei gir oss viktig informasjon om korleis vi har det og kva vi har behov for. Vi skal derfor lytte til dei, akkurat som andre tankar og kjensler, men det er lurt å stille spørsmålsteikn ved dei innimellom.

Det er ofte lettare å forstå eigne tankar og kjensler når du kan snakke med nokon om dei. Ein god ven eller ein vaksen du stoler på, kan vere fin å prate med.

Ein gjeng ungdommar slappar av i ein sofa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Søvn og kvile

Alle menneske treng å kvile ordentleg for å fungere godt. Vi må ta pausar, både gjennom dagen og gjennom året. Å gå ein tur eller reise seg opp og gjere noko anna, kan gi hjernen eit lite dytt, slik at vi kjem ut av vonde tankebanar.

I ein hektisk kvardag er det òg viktig å ta pausar frå stress, krav, lekser og skjermbruk. Logg av og la kroppen og hovudet få kvile. Øv på å finne ut kva som er god kvile for akkurat deg.

Skulen har eit ansvar for at de skal få pausar i skulekvardagen. Viss de opplever kvardagen som altfor stressande og strevar med å få gode pausar, kan dette takast opp med lærar og elevråd.

Ein ting som meir enn noko anna påverkar den psykiske helsa vår, er søvn. Vi veit at dei fleste ungdommar søv for lite. Å sove nok er kanskje den beste investeringa du kan gjere for den psykiske helsa di. Viss du strevar med søvn, så kan du få hjelp av helsesjukepleiar eller legen din.

Kva er god kvile for akkurat deg?

Sov godt – gode søvntips frå helsenorge.no

Sove godt i natt? Å sove dårleg iblant er heilt normalt. Her er nokre gode råd for betre søvn:

  • Unngå å sove på dagtid. Avgrens middagsluren til maks 20 minuttar.
  • Soverommet bør vere skjermfri sone. Ikkje sjå på klokka heller.
  • Klarer du ikkje å sovne? Stå opp og gjer noko anna til du blir trøtt igjen.
  • Held bekymringar deg vaken? Set av ei fast tid på dagen til bekymringstankar.
  • Legg deg til same tid kvar kveld. Stå opp til same tid kvar morgon.
  • Snakk med legen din viss du strevar med søvnen.
  • Få fleire gode søvnråd på helsenorge.no

Ver god mot deg sjølv

Det er berre éin person du kan vere heilt sikker på at du skal leve resten av livet ditt med, og det er deg. Derfor kan det vere greitt å ha eit godt forhold til seg sjølv.

Viss du strever med negativt sjølvsnakk, spør deg sjølv kvar dette kjem frå. Er det andre som pleier å snakke slik til deg? Har du opplevd vonde ting som du tenkjer er di skyld?

Prøv å tilgi deg sjølv for det du har gjort som du ikkje er så stolt av. Forsøk å halde deg unna folk som ikkje gjer deg godt.

Det å vere til stades i livet er viktig for oss. Å søkje mot gode opplevingar og å vere saman med folk som gjer oss glade, hjelper på sjølvkjensla. På tunge dagar kan det vere vanskeleg å kjenne på kva vi har lyst til å gjere. Då kan det hjelpe å gjere noko vi har pleidd å ha lyst til.

Still deg sjølv spørsmålet: Kva gjer meg glad, eller kva pleidde å gjere meg glad? Ta vare på svara og ta dei fram neste gong du har det tungt.

Ein gut dyttar ein annan smilande gut ut i vatnet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Nokre råd om korleis du kan ta vare på den psykiske helsa di

Samfunnet har eit ansvar for at du har det bra. Familie og vener betyr òg mykje for den psykiske helsa di. Dette er område du ikkje har makt over. Likevel kan det vere at somme av tipsa nedanfor kan vere gode for deg. Viss dei ikkje kjennest gode, finn heller nokre som fungerer betre for deg.

  • Gi rom for kjenslene dine. Dei hjelper deg til å forstå kva du treng.
  • Ver god mot deg sjølv.
  • Snakk om det som er vanskeleg.
  • Ikkje gå aleine med vonde tankar og kjensler.
  • Få nok søvn, et variert og ver i bevegelse.
  • Set grenser. Det er lov å seie nei.
  • Set spørsmålsteikn ved negative tankar. Sjå om du kan finne alternative, konstruktive tankar i staden.
  • Lytt til signala frå kroppen og ta deg sjølv på alvor.
  • Prøv å akseptere deg sjølv som du er med alle dei positive og negative sidene dine. Øv på dette.
  • Be om tilgiving. Det er godt å kunne seie unnskyld, og det er godt å bli tilgitt.
  • Du treng andre, og andre treng deg. Knyt nye band og ta vare på vener og familie som gjer deg godt.
  • Logg av innimellom. Ver til stades i noet og merk deg verda rundt deg. Då blir det òg lettare å få kontakt med deg.
  • Gi noko til andre. Menneske har behov for å gi av seg sjølv og å vere til nytte.
  • Gi beskjed når noko ikkje fungerer. Skulen, samfunnet og foreldre/føresette skal ta det største ansvaret.


Denne artikkelen er skriven av VIP Psykisk helse i skolen.

Kjelder

Skuleprogrammet VIP. (2017). Sånn er livet. Elevhefte til gjennomføring av VIP. Henta frå https://www.vestreviken.no/vip-psykisk-helse-i-skolen/

Helsedirektoratet. (2015, 25. februar). Sov godt – Gode søvntips [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=Rnho-BD65Lo

CC BY-SASkrive av Jorid Bakken Steigum .
Sist fagleg oppdatert 05.04.2020

Læringsressursar

Psykisk helse