Hopp til innhald

Fagstoff

Kjensler og kjensleregulering

Alle menneske har kjensler, sjølv om vi uttrykker oss ulikt. Kjensler kan somme gonger opplevast plagsame eller for sterke, men har du tenkt over at kjensler eigentleg hjelper deg med å forstå kva som er viktig for deg?
Ei jente får trøyst av ei venninne. Jenta som blir trøysta, har eit trist blikk og ser bort. Jenta som trøystar, held ei hand på skuldra til venninna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjensler heng saman med tankar. Dei fleste av oss kan ha mange tankar om korleis vi burde kjenne, spesielt i ungdomstida. Kanskje tenker du at det er noko feil viss du ikkje kjenner deg glad eller lykkeleg, og at "ingen andre" opplever vanskelege kjensler. Sanninga er at vi menneske faktisk har fleire negative enn positive kjensler. Alle kjenner vi på sårbare kjensler som einsemd, tungsinn eller skam i løpet av livet.

Kva kjensler finst?

Frå vi blir fødde, har vi dei grunnleggande kjenslene: glede, tungsinn, redsel, sinne og avsky. Somme reknar òg interesse, skam og skyld som grunnleggande kjensler.

Vi har òg mange andre samansette kjensler. Til dømes inneheld sjalusi både frykt, sinne og tungsinn. Forelsking kan innehalde både glede, nysgjerrigheit, spenning og nervøsitet.

Utan kjensler hadde vi ikkje overlevd verken i steinalderen eller i dagens samfunn. Kjensler hjelper deg til å ta val og til å forstå kva som er viktig for deg – og du merkar dei i kroppen. Kanskje har du opplevd å få vondt i brystet, ein klump i magen, eller at kroppen blir tung eller lett på grunn av det du kjenner.

Ei ung jente sit på ryggen til ein ung gut. Begge ler. Ei anna smilande jente går saman med dei i gata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi reagerer ulikt

Vi menneske kan vere ulike når det gjeld kjensler – både med tanke på kor sterkt vi kjenner ei kjensle, korleis vi uttrykker kjensler, og korleis vi handterer dei. Somme personar viser tydeleg kva dei kjenner. Andre kan oppleve sterke kjensler på innsida, sjølv om det ikkje blir vist på utsida. Det finst òg personar som ikkje kjenner så mykje på intense kjensler.

Døme på ulike kjenslereaksjonar:

  • Anna kjenner seg stort sett nøgd i kvardagen. Som alle andre kan ho òg bli sint, redd og lei seg, men ho opplever som regel at kjenslene ikkje blir så sterke, og at dei raskt kan sleppe taket.

  • Muhammed kan kjenne på både intens lykkekjensle og sterkt tungsinn på éin og same dag. Foreldra seier at han har vore sånn frå han var liten, men han merkar at svingingane har blitt endå tydelegare etter at han blei ungdom.

  • Kim går rundt og kjenner på mykje usikkerheit og uro, men er ukomfortabel både med å vise og snakke om dette til nokon. I staden tek hen på seg ei "glad og kul maske" kvar dag på skulen, og vennene har inntrykk av at hen alltid er i godt humør.

Somme av oss har dessverre opplevd at visse kjensler ikkje har vore "lov" å vise i oppveksten, til dømes sinne, tungsinn og redsel – sjølv om dette er heilt naturlege kjensler for alle! Det kan føre til at vi blir meir ukomfortable med enkelte kjensler. Til dømes kan du synast det er vanskeleg å vise sinne, mens vennen din ikkje liker å vise at hen er trist.

Gut lyttar til musikk ved hjelp av øyretelefonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjensler heng saman med psykisk helse

Å øve seg på å bli klar over kva du kjenner, er viktig for den psykiske helsa di. Det er lurt å ta kjenslene sine på alvor, for dei er der av ein grunn! Når kjensler får vekse seg store, kan dei bli tunge å bere på åleine. Viss du skjuler kjenslene dine, er det ikkje så lett for andre å hjelpe deg. Det kan i staden føre til at du ikkje får dekt dei emosjonelle behova dine. Då er det viktig å prøve å snakke med nokon om korleis du har det.

Viss du opplever at foreldra dine kranglar, prøva går dårlegare enn forventa, eller at kjærasten din slår opp med deg, er det heilt naturleg å kjenne seg trist og skuffa. Det er ikkje farleg å kjenne på slike kjensler i seg sjølv. Det kan likevel vere uheldig å bli gåande med vonde kjensler åleine over tid. I sånne situasjonar har vi behov for trøyst, støtte og omsorg. Viss du sjeldan eller aldri får dekt slike behov, er det ikkje så rart om du utviklar psykiske plager som påverkar deg i kvardagen.

Kjensleregulering

Å regulere eller handtere kjenslene sine betyr ikkje at det er feil å ha kjensler, eller at vi skal få dei vekk. Kjensleregulering handlar om å finne måtar å takle kjenslene sine på som gjer det lettare å leve med dei og dermed fungere i kvardagen.

Somme gonger regulerer du kjensler automatisk, som når du gøymer hovudet i puta under ein skummel film eller byrjar å gå rundt i rommet når du er uroleg. Andre gonger tek du eit meir aktivt val om kva du vil gjere med kjenslene dine – til dømes ved å høyre på ein glad song når du er trist eller telle til ti når du er sint.

Hender som teiknar ei teikning med mange figurar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ver nysgjerrig

Det er ikkje alltid vi veit kvifor vi kjenner som vi gjer. Kanskje har du gått heim frå skulen og kjend deg trist eller skamfull, utan at du heilt har klart å setje fingeren på kvifor. Viss du prøver å nøste litt i kva som skjedde i løpet av dagen, kan det hende du klarer å spole tilbake til det som har gjort deg trist. Kanskje var det ein sårande kommentar frå ein venn eller ei stressande framføring du ikkje heilt opplevde å få til.

Ver god mot deg sjølv

Det er mange ting som verkar inn på korleis vi møter og handterer kjenslene våre. Det kan mellom anna vere personlegdom, modninga av hjernen og dei tidlegare erfaringane våre i barndommen. Dessverre kjeftar mange på seg sjølv fordi dei har det vondt. Kanskje har du tenkt: "No burde eg berre ta meg saman" ein gong du var lei deg eller redd? Då har du òg erfart at det ikkje hjelpte å kritisere seg sjølv for noko du kjende.

Å vise sjølvmedkjensle handlar derimot om å tillate at ei kjensle er der, prøve å forstå ho og finne ut av kva du treng. Til dømes: "No er eg lei meg, og det har eg lov til. Eg er lei meg fordi bestevenninna mi skal byrje på ein annan skule. Det er ikkje rart at eg er lei meg når det betyr mykje for meg å vere saman med henne i kvardagen. No skulle eg ønske at eg hadde nokon å snakke med."

Gut gjer ein flip på eit skateboard mens vennene ser på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finst det gode og dårlege måtar å regulere kjensler på?

Enkelte måtar å handtere kjensler på kan fungere greitt på kort sikt, men er mindre gode viss du nyttar dei for mykje. Det er ikkje feil i seg sjølv å ete godteri når du er lei deg eller game når du er stressa. Viss du derimot gjer det til ein vane å ete sjokolade eller game kvar gong du er trist, slik at det går utover søvn og skule, er det viktig å finne andre måtar å ta omsyn til krevjande kjensler på.

Somme måtar å regulere kjensler på kan vere eit faresignal på at du har eller er i ferd med å utvikle psykiske helseplager. Det kan vere viss du tyr til rus, sjølvskading, overdriven trening eller sveltar deg sjølv for å handtere vanskelege kjensler. Denne måten kan nok få ting til å verke litt lettare akkurat der og då, men held berre oppe vanskane og skaper endå fleire problem på sikt.

Å lære seg gode måtar å møte og handtere kjenslene sine på har mykje å seie for korleis du har det. Du må sjølv kjenne etter kva som fungerer for deg. Kanskje er det å ha fokus på pusten når du er nervøs, vere ute i naturen når du er stressa, springe deg ein tur når du er sint eller snakke med ein god venn når du er nedfor. Eller kanskje akkurat du treng heilt andre ting for å regulere kjenslene dine på ein god måte! Hugs at kjensler svingar for alle menneske, og ingen klarer å regulere kjenslene sine heile tida.

Døme på måtar å handtere kjensler på

  • snakke med ein venn eller ein trygg vaksen

  • vere i fysisk aktivitet

  • sjå ein tv-serie

  • ta ein varm dusj

  • avspenning, yoga

  • skrive ned det du kjenner

  • teikne

  • pusteøvingar

  • slå på ein boksebag

  • vere ute i naturen

  • sjå ein morosam film

  • høyre på musikk eller spele eit instrument

  • fikle med noko

  • ete eller drikke noko

Ønsker du nokon å snakke med om kjensler?

Denne artikkelen er skriven av VIP Psykisk helse i skolen.

CC BY-SASkrive av Camilla Øien.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Psykisk helse