Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Einsemd

Einsemd rammar mange, også unge. Likevel snakkar vi lite om einsemd. Kvifor er det sånn? I denne oppgåva skal du reflektere rundt einsemd.

Denne oppgåva tek utgangspunkt i ein episode av serien Innafor på NRK. Viss de ikkje har tid til å sjå heile episoden (50 min), tilrår vi fire ulike utdrag frå episoden (ca. 10–12 min).

Forslag til utdrag frå episoden

Kapitla ligg nummerert under filmen om einsemd i dokumentarserien Innafor (NRK.no):

  • Kap. 2: Når følte du deg ensom sist? (01.15–05.18)

  • Kap. 3: Professor i filosofi (05.18–07.54)

  • Kap. 5: Hvor mange venner har du? (11.58–13.06)

  • Kap. 15: Hva trenger du for ikke å føle deg ensom? (47.35–49.47)

  1. Klassesamtale

    Læraren oppsummerer saman med klassen:

    1. Kva seier dei som blir intervjua er grunnen til at dei føler seg einsame?

    2. Kva er forskjellen på einsemd og det å vere aleine?

  2. Diskusjonsoppgåve

    Diskuter i grupper:

    1. I filmen fortel dei som er med at dei ikkje snakkar om einsemd med venene sine eller familien sin. Kvifor snakkar ein ikkje om einsemd, trur de?

    2. Kva skal til for at vi skal tore å snakke meir om einsemd?

    3. Kva er forskjellen på vanleg einsemd og den skadelege einsemda som forskaren snakkar om?

    4. Kva kan vi gjere for å lindre vår eiga einsemd?

    5. Kva kan vi gjere for å lindre andre si einsemd?

Denne oppgåva er skriven av VIP Psykisk helse i skolen.

Relatert innhald

Mange unge kjenner på einsemd, men ikkje så mange snakkar om det. Kva er eigentleg einsemd? Korleis påverkar einsemd oss, og kva kan vi gjere med det?

CC BY-SASkrive av Jorid Bakken Steigum.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2022

Læringsressursar

Psykisk helse